– Sosiale medium øydelegg språket

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Øydelegg språket

Det danske språkrådet undersøkjer no kor flinke danskane er til å stava. Undersøkinga viser at danskane stavar dårlegare no enn dei gjorde for 30 år sidan, trass i at Facebook, SMS, Twitter og e-post gjer at folk skriv meir og oftare enn nokon gong før. Det melder Danmarks Radio.

Sabine Kirchmeier-Andersen, direktør i Dansk Sprognævn, er ikkje i tvil om at dei sosiale media har skulda.

– I dag forventar ein jo at danskane skal kunne meistra eit særs breitt spektrum av kommunikasjonstypar og medium, slik at ein har ein masse nye høve for å uttrykkja seg. Samstundes opplever ein òg at nokre av dei nye media gjev avgrensingar – til dømes talet på teikn eller tastatur som er utforma på ein spesiell måte, seier ho til DR.

Ho viser òg til at Facebook er ein stad der det er blitt vanleg at ein ikkje er så nøye om ein skriv korrekt dansk.

QUIZ: Forstår du dansk og svensk? Ta quizen her!

– Stor forskjell på skrift og tale
Professor Kjell Lars Berge i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo er usamd med den danske språkdirektøren. Han meiner at det er sjølve språket som er problemet – ikkje sosiale medium, ifølgje NRK.

– Det er ein helt absurd påstand at sosiale medium øydelegg skriftspråket. Danskane burde heller fokusera på det som sannsynlegvis er ei viktigare årsak til problema: Den store kløfta mellom dansk tale og skriftspråk. Denne avstanden har blitt så stor at det er vanskeleg for folk å vita korleis orda blir stava. Og her har det skjedd dramatiske ting på to-tre generasjonar. Det var mykje enklare å forstå ein danske på 1950-talet, seier Berge.

Han påpeikar at ingen nordiske språk har hatt same utvikling som dansk på dette området.

– Me har ikkje hatt liknande problem i Noreg fordi me har to skriftspråk der skilnaden mellom tale og skrift er liten, seier språkprofessoren til NRK.

Den kjente sketsjen «Kamelåså», som ble vist i NRK1-serien Ut i vår hage i 2003, tek opp kor vanskeleg det er å forstå dansk – sjølv for danskar: