Slik påverkar fråvær sjansen for å få læreplass

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Informasjonstenesta for søkarar til vidaregåande opplæring, Vigo, samlar tal for søkjarane på læreplass. Tysdag blei det lagt fram tal for korleis karakterar og fråværsprosent påverkar sjansen til å få lærekontrakt. Tala er frå hausten 2015, og viser at lågt fråvær er nesten like viktig som gode karakterar.

Agderforskning spurte i fjor arbeidsgjevarar i mekanisk industri, tømrarverksemder og helsesektoren i Aust-Agder om kva dei ser etter når dei skal rekruttera nye lærlingar. Studien viser at det er mange andre faktorar enn karakterar arbeidsgjevarane er opptatt av.

LES SAKA: – Karakterar tel ikkje mest lærlingplass

Til dømes er det å koma presis, vera blid og interessert i faget, å ha god fysikk, å kunna reia opp ei seng eller handtera ei sag, eigenskapar verksemder ser etter i ein ny lærling, fortel Forskning.no.

Ola Dahl Andersen ved Fagopplæringskontoret i Hordaland sa i haust til Framtida.no at fråveret er det første arbeidsgjevarane ser på når dei skal tilsetja lærlingar. I tillegg er gymkarakter ofte viktig.

LES SAKA: Kvifor går ikkje fråfallet ned?