Langt færre unge gjekk til lege etter nye fråværsreglar

Fastlegane fekk langt færre tenåringar inn på legekontora då dokumentasjonskrav til skulefråvær vart endra i fjor haust. Talet på konsultasjonar fall med 20 prosent.

NPK-NTB
Publisert

Det vart registrert ein nedgang på rundt 50.000 konsultasjonar for ungdommar i alderen 16–18 år i løpet av fjoråret, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

Dette viser at endringane i fråværsreglane har fungert etter hensikta, meiner kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

– Endringane me gjorde i fråværsreglane i fjor haust, hadde som hovudhensikt å sørgja for at elevane i større grad faktisk gjekk på skulen for å få viktig undervisning og ikkje oppsøkte fastlege for å få gyldig fråvær basert på forkjølingar og mildare luftvegsdiagnosar, seier ho til NTB.

Det er viktig at ungdom går til legen når dei er sjuke, men ikkje for å dokumentera fråvær for småtteri som forkjøling, meiner kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun. | Foto: Carina Johansen / NTB / NPK

– Dempa presset på fastlegane

Talet på ungdommar (16-18 år) som oppsøkte fastlege, var 20 prosent lågare i haustsemesteret i 2025 samanlikna med same periode året før. Skilnaden var liten når ein samanliknar vårsemestera – altså før reglane for fråvær vart endra.

Tala viser òg at same nedgang ikkje kan sjåast for 19-åringar, ei gruppe som stort sett er ferdige med vidaregåande skule.

– Det er viktig at også ungdom oppsøkjer lege når dei er sjuke. Men når nedgangen i legebesøk i all hovudsak blir knytt til mildare luftvegsdiagnosar, medan det framleis er auke i til dømes psykiske lidingar, er det eit teikn på at mange med dei gamle fråværsreglane gjekk til fastlegen for å få legeattest på sjukdom, heller enn at dei trong nødvendig medisinsk hjelp av lege, seier Nordtun.

Justerte ordninga

Elevane fekk nye fråværsreglar å forhalda seg til då skuleåret starta i august i fjor. Sjukefråvær opp til 10 prosent blir meldt av eleven sjølv til skulen. Det som overskrid dette, må eleven dokumentera med attest frå helsepersonell.

Under den gamle ordninga var hovudregelen at alt udokumentert fråvær utover 10 prosent i eit fag førte til at ein mista karakteren. Krava til dokumentasjon for å unngå at fråværet talte med på denne grensa, var strenge. Mange valde då å gå til legen «for sikkerheits skyld» eller for å spara opp ein fråværsbuffer til seinare i skuleåret.

Feil bruk av ressursar, var kritikken frå mange hald. Legeforeininga protesterte mot at fråværsordninga bidrog til å pressa dei allereie hardt pressa fastlegane ytterlegare.

Berre ein liten nedgang

Nedgangen i talet på legebesøk er likevel liten i det store biletet. I 2025 var det 17 millionar fastlegekonsultasjonar her i landet, og ein nedgang på 50.000 utgjer berre 0,3 prosent.

Kunnskapsministeren meiner likevel at det er grunn til å seia at den nye ordninga har bidrege til å dempa presset på legane.

– Målet vårt med å endra fråværsgrensene frå dette skuleåret var primært å auka terskelen for å vera fråverande frå viktig undervisning. At det òg gir eit lite bidrag til å dempa presset på fastlegane, er svært positivt, seier Nordtun.

Rush i vårsemesteret?

10-prosentregelen gjeld no for eit heilt skuleår om gongen. Det har vorte stilt spørsmål om det vil bli eit rush av elevar til legane i vårsemesteret, fordi fleire då vil nå grensa.

SSB vil først neste år ha tal over fastlegekonsultasjonar for våren 2026.

– Eg kan ikkje utelukka at den forhåpentleg vesle gruppa elevar som når grensa på 10 prosent fråvær i enkeltfag, bidreg til fleire legebesøk enn i vårsemesteret 2025. Det får me likevel ikkje eit sikkert svar på før dei nye tala ligg føre, seier Nordtun.