Kunnskapsministeren reagerer på GTA-skulk: – Inga unnskyldning
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun meiner at lanseringa av det nye dataspelet GTA ikkje er gyldig grunn til fråvær.
Fleire elevar ved skular i Stavanger fortel til Stavanger Aftenblad at dei ville vore borte frå skulen også av andre grunnar enn sjukdom, så lenge fråværet ikkje oversteig 10 prosent.
– Å vere heime for å spele GTA er ikkje ei unnskyldning for å sleppe undervisning, seier Nordtun til Aftenbladet.
Førre veke kom det kjende dataspelet Grand Theft Auto VI ut med det nye spelet sitt etter 13 år sidan sist lansering.
Ho understrekar at ho forventar at elevane møter opp på skulen.
– Skulen er den viktigaste jobben til elevane. Vi har ei klar forventning om at elevane skal møte opp. Det er viktig for å kunne ta del i klassefellesskapen, det er ein føresetnad for å lære, og er ikkje minst viktig med tanke på trening for kva som ventar dei unge i arbeidslivet kort tid etter vidaregåande skule.
Etter fråværsreglane som kom i fjor haust, kan elevar levere eigenmelding ved sjukdom opp til 10 prosent fråvær i eit fag. For sjukefråvær utover dette må dei ha legeerklæring.
Tidlegare kunne elevane dokumentere sjukdom med legeerklæring frå første fråværsdag.






