COP21: Klimaavtalen vedtatt

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag føremiddag blei det endelege utkastet til ei global klimaavtale lagt fram, og seinare på kvelden blei forslaget vedtatt. Målsetjinga er at den globale oppvarminga ikkje skal overstige to grader, og at ein skal prøve å halde seg under 1,5 grader.

VG skriv at det var den franske utanriksministeren Laurent Fabius som presenterte utkastet, saman med den franske presidenten François Hollande og FN sin generalsekretær Ban Ki-moon. Det skjedde i plenum, kor dei 195 landa som har delteke på FN sin klimakonferanse var samla.

LES OGSÅ: COP21: Dei store spørsmåla er framleis uløyste

Appell til verdas leiarar
Avisa skriv vidare at det braut ut applaus då utkastet vart lagt fram, kraftig på overtid. Ban Ki-moon karakteriserte avtaleteksten som historisk.

– Avslutninga er i sikte. La oss no gjere jobben ferdig. Milliardar av menneske set lita si til klokskapen dykkar, understreka Ban Ki-moon sin appell til verdas leiarar.

LES OGSÅ: «No skal vi heim og kjempe»

NU: krev oljestopp
Då utkastet  blei lagt fram sa Natur og Ungdom i ei pressemelding at «eit 1,5-gradersmål krev at Noreg stoppar oljeboring i Arktis».

– Det er ikkje plass til norsk arktisk olje i ei 2 grader varmare verd, langt mindre 1,5 grader. Konsekvensen av dette må vere ny klimapolitikk. Det vil vere uansvarleg om regjeringa ikkje tek konsekvensane og avlyser dei nye planlagde tildelingane til oljeindustrien, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom.

Lage Nøst, talsperson i Grøn Ungdom, sa følgande om utkastet, som seinare vart vedtatt:

– Når verdssamfunnet slår fast at vi skal prøve å begrense oppvarminga til 1,5 grader, må det bety rask utfasing av norsk oljeindustri. Høge ambisjonar i Paris betyr ingenting utan kraftig innsats heime.

Changemaker kallar Paris-avtalen for eit historisk augeblikk.

 – Dette er eit historisk augeblikk! Dette er første gong heile verda har klart å verte samde om ei global avtale for å kjempa mot klimaendringane. Paris-avtalen vil fungere som eit rammeverk for å trappe opp innsatsen, og det er heilt avgjerande at dette vert følgt opp! Vi er altså ikkje i mål med denne avtala, men eit godt stykke på veg. Dette er ikkje ein doomsday, men eit kick-off for å auka klimainnsatsen, skriv leiar Hanne Sofie Lindahl i ei pressemelding.