Klar til debatt
Framtida.no er med når ungdom skal arrangera debattar i åtte bibliotek i Sunnhordland.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Biblioteka skal bli dei nye litteraturhusa, og i Sunnhordland vil dei ha ungdommen med til å arrangera aktuelle debattar.
I prosjektet «Me snakkast!» skal ungdom sjølv få bestemma kva tema for debattane skal vera og dei skal få vera med på å arrangera og leia debattane.
Nestleiar i Stord ungdomsråd Anna Sofie Ekeland Valvatne er med i debattgruppa som skal arrangera debattar på Stord.
– Eg vil vera med å arrangera debattar fordi eg meiner me ungdommar sårt treng ein stad å få utrykka og diskutera meiningar og tankar rundt lokalsamfunnet, og når ingen andre gjer det, får eg vera med å arrangera det sjølv, ler ho.
– Det som er viktigast for meg personleg å ta opp, er skule og buss. Begge desse tinga er ikkje i nærleiken av det dei burde vera, og eg trur at om ungdommar kjem saman og diskuterer desse temaene og kanskje til og med finn løysningar på dei, kjem politikarane til å ta oss på alvor.
– Kva er draumedebatten din?
– Min draumedebatt er å få Erna Solberg og Siv Jensen til å koma å diskutera skulestipend med oss som går på vidaregåande. Trur det hadde blitt ein meget interessant debatt!
LES OGSÅ: – Me er interesserte i å bli høyrt
Strålande nøgd
– Målet med prosjektet vårt er at ungdom i Sunnhordland skal bli aktive samfunnsdebattantar, seier Astrid Drevland, biblioteksjef ved Bømlo folkebibliotek.
Ho er strålande nøgd med at biblioteka i dei åtte kommunane i Sunnhordland var blant dei i Hordaland som fekk mest støtte i denne omgang.
Framtida.no-redaktør Svein Olav B. Langåker er prosjektleiar for «Me snakkast!».
Han fortel at prosjektet er godt i gang etter vel eit halvt år med planlegging, innkjøp av lydutstyr og kursing.
– Fleire klassar på lokale vidaregåande skular og fleire ungdomsråd har takka ja til å bli med på prosjektet og vil få opplæring i korleis ein arrangerer og leiar debattar, fortel han.
Tildelinga er ein del av Nasjonalbiblioteket sine løyvingar til utviklingsprosjekt i norske bibliotek. Totalt er det gitt 26 millionar kroner til biblioteka.
Sjå lista over tildelingar her!
LES OGSÅ: – Ein god debatt er ein styrt debatt