Økonomi forklarar innvandringsskepsis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I artikkelen «Trading off Welfare and Immigration in Europe» viser forskarane Ole-Petter Moe Hansen og Stefan Legge ved Norges Handelshøgskole at den aukande skepsisen mot innvandring i Europa er økonomisk rasjonell og ikkje nødvendigvis kjem av framandfrykt.

Europearar med låg utdanning blir meir positive til velferdsstaten og meir negative til innvandring. Det er eit økonomisk rasjonelt standpunkt, meiner forskarane. Resultatet er basert på ei undersøking av Noreg og 15 andre europeiske land, skriv Klassekampen

LES OGSÅ: Migrasjonsforskar vil ha fleire enkle jobbar med låge løner for innvandrarar

Forskarane har tatt utgangspunkt i European Social Survey (ESS) frå 2002 til 2012, ei omfattande undersøking som måler haldningsspørsmål i Europa over tid. Her kjem det fram at haldningsendringane er mykje tydelegare blant dei som er meir utsette på arbeidsmarknaden.

– Når arbeidsløyseraten går opp, blir befolkninga både meir positiv til omfordeling og mindre positive til innvandring. Responsen er mykje kraftigare blant dei med låg utdanning når det blir høgare arbeidsløyse, seier Hansen.

LES OGSÅ: – Flyktningkriser kjem igjen og igjen til politikken blir endra

Gruppa som er skeptisk til innvandring og for omfordeling, har vakse i takt med frammarsjen til høgrepopulismen i Europa, og mange legg vekt på at talet på innvandrarar må ned for at velferdsgode skal beskyttast.

Onsdag legg det regjeringsoppnemnde Brochmann 2-utvalet fram sin rapport, som blant anna ser på samanhengen med innvandring og velferd.