Migrasjonsforskar: – Flyktningkriser kjem igjen og igjen til politikken blir endra

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 22.08.2017 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Flyktningkriser kjem igjen og igjen

– Det har skjedd fleire dødsfall i Middelhavet så langt i år enn i same perioden i fjor, men det høyrer me aldri om. Media sitt fokus har flytta seg, men migrasjonen held fram, seier Ruben Andersson.

Han er antropolog, forskar ved universiteta i Oxford og Stockholm, og forfattar av den prisvinnande boka Illegality, Inc.: Clandestine Migration and the Business of Bordering Europe. Forskinga hans byggjer mellom anna på feltarbeid blant migrantar og grensepoliti i Afrika.

Under ein konferanse med migrasjonsforskarar frå heile Norden ved Universitetet i Oslo på fredag kalla Andersson grensepolitikken i Europa «eit mislukka eksperiment». Framtida.no fekk eit intervju etter hovudinnlegget hans.

Les også: Vil knusa mytar om syriske flyktningar

Det rekk ikkje med meir grensekontroll
Kva er den største feilen politikarane har gjort etter flyktningkrisa?

– Kor skal eg byrja… Ein av dei største feila har vore å behandla denne typen migrasjon som ein naudtilfelle, ei krise, som noko som aldri har hendt før, seier Andersson, og legg til:

– Det har skjedd før, og politikarane burde vore førebudde på at det ville skje igjen, sjølv om tala no var større. Då burde ein ha lært av tidlegare feil: det rekk ikkje med meir grensekontroll for å løysa denne utfordinga.

Andersson peikar på at alle innstrammingstiltaka og investeringane i gjerder og grensepoliti ikkje klarer å stansa migrasjonen til Europa i eit lenger tidsperspektiv.

– Det kjem om lag like mange flyktningar i år som i fjor, men det har blitt færre dei siste månadene. Skjerpingane gjer kanskje at tala går ned på kort sikt, men dette kjem til å skje om og om igjen. Det løyser ingenting.

LES OGSÅ:– Trudde me skulle drukne over Middelhavet

Ruben Andersson, migrasjonsforskar ved universiteta i Oxford og Stockholm.

Ruben Andersson er migrasjonsforskar ved universiteta i Oxford og Stockholm.

Etterlyser lovlege vegar
Kva er alternativet?

– I staden for å behandla dette som ei krise og noko ein må nedkjempa, kan ein forsøka å sjå migrasjonen som noko som kjem til å henda uansett, og finna meir normaliserte måtar å handtera det på.

Andersson meiner Europa må samarbeida med landa i grenseregionane der flyktningane kjem frå for å skapa moglegheiter for til dømes arbeid og utdanning der – ikkje for å hindra migrasjonen, som ein forsøker i dag. På lenger sikt meiner han også det må opnast fleire lovlege vegar inn til Europa.

– Fluktrutene til Europa i dag kom som eit svar på at lovlege vegar blei stengte. Før starten på 1990-talet såg ein ikkje den same irregulære innvandringa, fordi det fanst andre alternativ, seier forskaren, og peikar på humanitære visa og moglegheiter for arbeidsinnvandring.

– Det gir ein viss kontroll over kven som kjem, og skapar positive insentiv for flyktningane til å søka trygge ruter, seier Andersson.

LES OGSÅ: Flyktningar: – Snakk med oss

Ballongeffekten
I innlegget sitt på konferansen trekte Andersson ein parallell mellom kampen for å halda migrantane ute og den såkalla krigen mot narkotika. I begge tilfella meiner han det skjer ein «ballongeffekt»: når du pressar ein stad, tyt det fram ein annan stad på ballongen. Overført: Når du stenger ei fluktrute eller smuglarrute, dukkar det snart opp ein ny, ofte lenger og farlegare rute.

Dermed blir det skapt ein vond sirkel, noko Andersson også har skildra i ein lenger debattartikkel i Svenska Dagbladet.

– På mange måtar har ein kome lenger i narkotika-politikken, der mange no innser at krigen ikkje har fungert. I staden for å prøva å stansa tilbodet, altså dei som kjem hit, må ein behandla etterspurnaden og minska skadane, seier Andersson, og viser til behovet dei som flyktar har for arbeid og vern, samt behovet for arbeidskraft i mange europeiske land med aldrande folkesetnad.

Fokuset på kontroll og kriminalisering fører ikkje fram, meiner han:

– Det fungerer ikkje mot narkotika, og det kjem ikkje til å funka mot migrasjonen.

Tidlegare i år har Andersson forfatta ein rapport og politisk utgreiing for Delegationen för migrationsstudier (Delmi), ein komité som er sett ned av regjeringa i Sverige. Han er likevel forsiktig i sin optimisme for at politikarane vil lytta til forskinga og endra kurs.

– Dei politiske forslaga som blir diskutert er veldig ofte evidensfrie, ikkje baserte på fakta om kva som skjer. Me som forskarar har veldig lite påverknad, sa han under innlegget sitt.

LES OGSÅ: Flyktningar lærer norsk i rekordfart

Tala under viser auken i talet på einslege mindreårige asylsøkjarar:

I 2015 kom det over éin million båtflyktningar til Europa. Her er talet på einslege mindreårige som søkte asyl i Noreg. Tabell: UDI Foto: Colourbox