Norske barn et meir sjokolade enn fisk
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Godteri tilsvarande ei stor sjokoladeplate på 200 gram, men berre 160 gram fisk. Det er forholdet mellom inntaket av fisk og sjokolade i snitt per veke hos norske 9- og 13-åringar.
Beinfri fisk
Lene Frost Andersen, professor i ernæring ved Universitetet i Oslo, meiner – ikkje overraskande – at barn bør ete meir fisk enn godteri.
Ho har ikkje tru på den vanlege oppfatninga om at barn ikkje likar fisk.
– Det er feil, seier ho.
– Dei likte kanskje ikkje fisk før, då det var mykje bein i den. Men no veit barn nesten ikkje kva ein fisk med bein er, og du kan få mange lettvinte fiskeløysingar. Så eg trur det er ei gammal førestilling som heng i, dette at barn ikkje likar fisk. Kanskje det er foreldra som ikkje likar det? spør ho.
Ho trur det er mogleg å snu trenden
Prosjekt retta mot barnehagar og skular viser at barn gjerne et fisk, ifølgje professoren, som presenterte undersøkinga av kosthaldet til norske 9-åringar og 13-åringar tysdag.
Ei anna undersøking viser at unge gutar et for lite frukt. – Jo eldre ungdommane blir, desto mindre kontroll har foreldra over kva barna deira et, seier Linda Granlund, doktor i ernæring og divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.
Mindre brus
Framleis får norske barn i seg for mykje tilsett sukker, men likevel er folkehelsedirektør Camilla Stoltenberg ganske nøgd.
– Det gledelege er at det er ein nedgang i inntaket av tilsett sukker, særleg fordi det blir drukke mindre brus og saft. Vi trur dette kan vere årsaka til at vektutviklinga har flata ut, seier Stoltenberg, og peikar på undersøkingar som viser at det er mindre fedme blant barn no enn for åtte år sidan.
– Undersøkinga viser at kosthaldet hos norske barn i hovudsak er bra. Dei følgjer retningslinjene frå Helsedirektoratet i stor grad, konkluderer Stoltenberg.
LES OGSÅ: Norske barn et sunnast i Europa, men treng meir grønnsaker
Pølser og ost
Både Stoltenberg og Frost Andersen ønskjer likevel at barna skal ete mindre metta feitt. Det er først og fremst raudt kjøt og ost som gjer at barn får for mykje av det.
Ernæringsprofessoren seier det er vanskelegare å få has på dette feittet enn på sukkeret.
– For å unngå sukker kan folk kutte ut brus og drikke vatn i staden. Det metta feittet er derimot litt skjult, du legg ikkje merke til det, seier Frost Andersen.
Ho rår foreldre til å byte ut litt av det raude kjøttet, særleg pølser og tilverka kjøt, med kvitt kjøt eller fisk.
LES OGSÅ: Det er full miljøforvirring om raudt kjøtt
Kyllingknipe
Dei siste åra har det vore negative oppslag om produksjonen av kylling, med rapportar om medisinbruk og farlege bakteriar. Frost Andersen skjønar at dette gjer det meir komplisert for foreldre.
Professoren meiner kosthaldet kunne blitt både sunnare og meir berekraftig om familiane erstatta kjøt med linser og bønner, men vil ikkje gå ut med noka generell anbefaling om det.
– Vi kan gjerne ete meir plantebasert kost. Det vil absolutt hjelpe på dette med metta feitt. Men det er viktig å ikkje bli for ekstreme, seier ho.
Å erstatte kjøt med grønt og belgfrukter krev kunnskap for å sikre rett næring til barn i vekst.
Skeivt utval
Nesten 2.500 barn i fjerde og åttande klasse vart spurde om å delta i Ungkost-undersøkinga. Dei førte dagbok over alt dei åt og drakk i fire dagar. Berre litt over halvparten av dei som vart spurde, svarte ja.
Den låge deltakinga gjer at forskarane trur at undersøkinga viser eit litt for positivt bilete, men at trendane gjeld for breie lag av befolkninga. Det er blant anna ein høgare del med jenter og barn som har foreldre med høg utdanning, mens sårbare grupper er underrepresenterte. (©NPK)
Les meir:
Ikkje alle er einige om at fisk er den beste Omega-3-kjelda. Denne professoren meiner at kjøt frå dyr som et gras kan vera like sunt som fisk.
Faktaboks
Fakta om kosthaldet til norske barn
Dette et norske fjerdeklassingar kvar dag, ifølgje Ungkost-undersøkinga:
* 196 gram frukt, bær og grønsaker
* 24 gram fisk, 89 gram raudt kjøt og 13 gram kvitt kjøt
* 28 gram sukker og søtsaker
* 1,5 desiliter saft eller brus
* 2,8 desiliter mjølk og to skiver ost
Kjelde: Ungkost 3, professor Lene Frost Andersen (©NPK)