Et ikkje sunt nok
Norske born et mykje frukt og grønt, men må framleis ete sunnare, ifølgje ei stor europeisk undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norske born et ikkje sunt nok
Over heile Europa et born for lite frukt og grønt, syner EU-undersøkinga Pro Greens. I snitt et europeiske born mellom 220– 345 gram frukt og grønt dagleg, medan Verdshelseorganisasjonen tilrår minst 400 gram dagleg inntak.
LES OGSÅ: Bygdeborn meir overvektige
Best i klassen
Noreg ligg øvst blant landa i Europa med eit snitt på 345 gram frukt og grønt om dagen, følgt av bulgarske born som et 320 gram dagleg, skriv Forskning.no.
Finland ligg nedst mellom dei rangerte landa med berre 220 gram dagleg grøntinntak.
Forskarane tok føre seg matvanane til over 8000 11-åringar frå 236 ulike skular, fordelt på ti land rundt om i Europa.
Funna syner at jenter generelt et meir frukt og grønsaker enn gutar. Denne forskjellen er mindre i Noreg enn i mange av dei andre landa.
Tal tyder på at norske born sine kosthaldsvanar har betra seg dei siste åra. Undersøkinga UNGKOST-2000 synte at norske born den gong i snitt åt 250 gram frukt og grønt til dagen.
I alle landa et born meir frukt enn grønsaker, fordi det er meir smakfullt og lettare tilgjengeleg. Her kan alle – til og med svenskane – som et mest grønsaker, verte betre. Verdens Helseorganisasjon rår no alle til å ete minst 200-250 gram grønsaker dagleg.