– No er vi førebudd på framtida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NAV vitja ungdomsskulen

Artikkelen vart først publisert hos Avisa Nordhordland

Sofie Furnesvik Eikeland (15) og Stine Husebø (15), som begge går i 10. klasse på Rossland skryt over prosjektet dei nettopp har hatt på skulen. Elevane har lært om ungdom og privat økonomi, og fått besøk og undervisning av NAV, kommunen og namsmannen. Etter undervisninga laga alle 10.klassingane eit ege prosjekt, som dei fredag framførte for medelevar og elevar frå Meland skule.

– Vi har mellom anna fått råd og hjelp til korleis ein set opp eit budsjett, fortel Sofie og Stine.

LES OGSÅ: Bustadkjøp for dummies

– Lurt å spara
Dette er 8. året kommunen gjennomfører prosjektet «Ungdommens gjeldsrådgjeving», med stor suksess.

Stine og Sofie hadde prosjekt saman med klassevenninnene Eilen Husebø (15) og Embla B. Gudmundsen (15). Dei fire lagde ein film, der ein av dei spilte unge og naive «Michelle», som har brukt alt for mykje pengar på sminke, klede og festing.

– Ho har mykje gjeld, fordi ho ikkje har vore flink til å spara, og heller brukt pengane sine på alt mogleg anna, fortel jentene, som meiner dei har lært mykje gjennom dette prosjektet.

– No er vi mykje meir førebod på det verkelege livet, og korleis vi bør handtera pengane vi kjem til å tena. Vi har også lært viktigskapen med å spara, seier Stine.

LES OGSÅ: På nikk med makta

– Viktig å lære dette
Sofie og Stine synest det er bra at skulen prioriterer undervisning om privat økonomi.

– Det er viktig at vi lærer om tema som vi kjem til å få bruk for i kvardagen når vi vert vaksne. Eg føler eg skjønar meir om korleis det er å vera vaksen, med alt ansvaret for følger med. Ein må betale regninger, lån og mykje anna, seier Sofie.

LES OGSÅ: Vil stoppa ungdomshus-døden

Kjem til å bu heime lenge
Dei to vart ganske overraska då dei fekk undervisning og forstod kor dyrt det er å bu i byen.

– Eg trur ikkje eg får rå til å flytta for meg sjølv med det første. Ein har ikkje mykje å rutta med viss ein er student og bur på hybel i byen, difor kjem eg nok til å bu heime ein god stund til, smiler Stine.

LES OGSÅ: Personleg økonomi på timeplanen

– Engasjerte elevar
Rådgivar i kommunen, Helge Kvam, er ein av tre som har besøkt og undervist 10.klasingane i forbindelse med prosjektet.

– Eg er imponert over kor flinke dei er. Elevane er engasjerte, sit og ro og stiller mange spørsmål. Det har difor vore utruleg kjekt, seier han.

Kvam var også programleiar då alle elevane vart samla for å visa fram prosjekta sine.

LES OGSÅ: Færre barn får lommepengar