Personleg økonomi på timeplanen
Opplæring i personlig økonomi skal redusere inkassogjelda blant unge, i år får fleire tilbod om «Økonomi og karriereval».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Programmet «Økonomi og karriereval» er utvikla av organisasjonen Ungt Entreprenørskap og er eit samarbeid mellom ungdomsskulane og fagpersonar frå lokale bankar og forsikringsselskap. Tanken er at elevane får læra å setja opp eit budsjett basert på ei inntekt, og at dei får innsikt i kva økonomiske konsekvensar ulike val kan få.
LES OGSÅ: – Skremmande mangel på kunnskap
– Viktig med gode haldningar tidleg
Administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Norge, Anne Kathrine Slungård, meiner det er viktig at unge tidleg får kunnskap om personleg økonomi.
– Konsekvensane er enorme når unge kjem skeivt ut i tidlig alder. Me meiner at alle ungdomsskuleelevar bør få gjennomføra dette programmet, seier Slungård i ei pressemelding.
5,7 prosent av personar i aldersgruppa 18 til 30 år hadde betalingsmerkningar ved utgangen av 2. kvartal 2013. Denne gjelda var i snitt på kr. 52 320,-, syner ein analyse frå Lindorff.
– Me ser at betalingsvaner svært ofte set seg i ung alder, og forplantar seg til seinare i livet. Dette gjer det viktig å få på plass gode haldningar og god kunnskap om privatøkonomi tidleg, seier administrerande direktør Anette Willumsen i Lindorff Norge.
LES OGSÅ: Dårleg økonomi gjev dårleg helse
Aukande økonomiopplæring
I 2012 var det rekordmange elevar som fikk opplæring i personleg økonomi. På landsbasis var det nesten 17.000 elevar som gjennomførte programmet «Økonomi og karriereval», mot om lag 12.000 året før.
Fagsjef i Finans Norge, Hilde Johansen, tykkjer det er positivt at dei kan bidra med sin kompetanse inn mot skulen.
– Når elevane får jobbe med eigen økonomi saman med vegleiarar frå finansnæringa, vert læringa verkelegheitsnær og dei får ei betre forståing for konsekvensar av egne val, seier Johansen, som representerer meir enn 200 finansføretak og finanskonsern i Noreg.