Færre barn får lommepengar
Tre av fire born får ikkje lommepengar, syner ein ny undersøking. Forbrukarøkonom meiner barna bør læra pengebruk.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I 1998 fekk 81 prosent av norske born faste lommepengar, syner tal frå Statens institutt for forbruksforsking. I ei ny undersøking gjort av Nordea har delen sokke til 28 prosent. Hovudinntrykket er likt for heile Noreg, uansett bustad, alder, utdanning eller familieøkonomi.
LES OGSÅ: Personleg økonomi på timeplanen
Missar læring
Forbrukarøkonom i Nordea, Elin Reitan, trur tidsklemma, betre økonomi og mindre kontantar i omløp får ta skylda for utviklinga.
– Eg trur heller det er slik at vi oftare kjøper og betalar for det borna treng, når dei treng det, seier ho.
Dermed vert det ikkje opp til barnet sjølv å avgjera om dei har råd til det dei meiner dei treng.
– Det fører igjen til at noko av læringa ved å spara og porsjonera pengebruken riktig, blir borte, trur forbrukarøkonomen.