– Løft stemma, ikkje havnivået

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Raise your voice – not the sea level» er slagordet for Verdas miljødag, som går av stabelen i dag. Slik vil FN setje fokus på øystatar som er særleg sårbare for klimaendringar.

Stort mangfald
2014 er FNs internasjonale år for dei 51 små øystatane, også kalla SIDS (small island developing states). Desse statane er ei gruppe utviklingsland som får bistand fordi dei er små øystatar og fordi deira geografiske plassering er ein ulempe på verdsmarknaden.

LES OGSÅ: Mykje meir ekstemvêr i vente

Den politiske kategorien SIDS skjuler eit stort mangfald. På Papua Ny-Guinea bur til dømes 6,7 millionar menneske på 462.840 km2. Øya er altså større enn New Zealand, både i areal og folketal. Øya Tuvalu har derimot knappe 12 000 innbyggjarar og eit areal på 26 km2.

Landskapet på øyane er også svært ulikt. Til dømes er Montserrat vulkansk, medan Barbados stort sett er flatt, med nokre høgdedrag mot midten.

Små statar, store utfordringar
Øyene har likevel mange fellestrekk, som dei ikkje deler med land som New Zealand. Dei økonomiske og økologiske utfordringane er store. Øyene ligg isolert til, og må difor betale mykje for å importere, samstundes som transportkostnadane for eksport er høge. Ettersom dei i stor grad baserer økonomien på nokre få produkt, er dei også sårbare for prissvingingar på verdsmarknaden. Som følgje av folkeauke, slit dessutan mange av øyene med overfiske og overdyrking. 

LES OGSÅ: Avskaff grønt!

I tillegg er øyene særleg utsette for klimaendringar. Ekstremvêr, høgare havnivå, endringar i bølgje- og straummønster, og forsuring er nokre av endringane som rammar øyene. I tillegg døyr korallrev, som er mellom anna er viktig som kjelde til mat og som vern mot havet.

Ilan Kelman er tidlegare seniorforskar ved Cicero – Senter for klimaforsking. I videoen under forklarar han kva som er spesielt med øystatane.

– Sjølv om det stemmer at desse øyene er sårbare og treng hjelp, så er ikkje dette heile biletet. Innbyggjarane er samstundes i stor grad til i stand til å hjelpe seg sjølv, dei vil hjelpe seg sjølv, og dei kan i stor grad gjere det betre enn vi kan, seier Kelman i informasjonsvideon.

– Difor er det avgjerande at øystatane får støtte på eigne premiss, meiner forskaren.

Meiner Noreg har særskilt ansvar
At FN no set fokus på øystatane, meiner leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre, er viktig og riktig.

– Vi snakkar mykje om korleis vi skal sørgje for at temperaturstigninga blir så låg som mogleg. Samstundes veit vi at klimaendringane allereie er i gong, og då er vi glade for at FN set fokus på eit viktig tema, som vi ikkje har diskutert nok.

LES OGSÅ: Unge meir uroa for klimaet

Vestre meiner Noreg har eit særskilt ansvar overfor sårbare øystatar.

– Vår rikdom er basert på olje- og gassutvinning, og vi har difor eit særskilt ansvar for å gå føre med eit godt døme, seier Vestre.

Sjølv om ikkje Natur og Ungdom er ein flyktningorganisasjon, er dei opptekne av Noreg må ha eit rammeverk for å ta imot menneske som må flykte på grunn av klimaendringar.

– FNs flyktningkonvensjon gir ikkje klimafordrivne rett til asyl. Dette er ikkje berre eit problem med tanke på øystatane, men også når det gjeld andre lågtliggjande område. I Bangladesh vert til dømes utfordringane med saltvatn i åkrar og ekstremvêr store. Dermed er det mange som kan bli drivne på flukt som følgje av klimaendringar. Noreg kan vere eit førebilete på å gi same type vern for klimafordrivne som for andre flyktningar, seier Vestre.

LES OGSÅ: Unge er klima-optimistar