– Ikkje fortel læraren at du er åleine

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje fortel at du er åleine

– Det er vanvitige følelsar som familien min har vore gjennom, seier Kuba som no er 16 år.

Etter at familiebedriften gjekk konkurs blei foreldra hans tvungne til å dra frå Polen for å finna arbeid i utlandet.

Filmen «Jeg er Kuba» fortel om den nye fattigdommen i Europa, som tvingar foreldra til å forlata borna sine og søka underbetalte jobbar i Euro-sona.

Mora til gutane, Danuta Pyrek, var på Oslopremieren på filmen saman med Kuba torsdag kveld.

– Det var fælt å sjå på. Det eg ser er ein vanvitig frykt, fortel ho i ein samtale om filmen etterpå.

I filmen følgjer me gutane i kvardagen, medan mora vekependlar til Austerrike. Me ser korleis storebror prøver å få veslebror sin til å eta mat, og ikkje berre chips. Me høyrer mora som ber sonen om å ikkje fortelja nokon på skulen om at han er åleine med bror sin, av frykt for at dei vil hamna på barneheim.

LES OGSÅ:Den tapte generasjonens andlet

– Underfortalt historie
Regissør og dokumentarist Åse Svenheim Drivenes (bildet) hadde eigentleg ein annan plan då ho reiste til Polen første gongen. Ho hadde eigentleg tenkt å følgja familiar som var igjen, medan mennene var i Noreg for å jobba. Etter kvart fekk ho høyra fleire historier om born som blei att åleine, medan foreldra jobba i utlandet. «Euro-orphans», som dei blir kalla.

– Det var heilt nytt for meg, seier ho og meiner historia om desse borna er ei underfortalt historie.

– Me er veldig opptatt av å verna om vår kjernetid, og betala oss ut av det, om me skaffar oss vaskehjelp eller au pair eller nokon som kan klippa graset for oss framfor at barnet gjer det for vekepengar, slik som ein gjorde før. Så tenkjer ein gjerne ikkje over kva denne vaskedama har ofra for å koma hit for å jobba for oss.

Ho meiner me først og fremst skal anerkjenna dette arbeidet.

– Ein openbar ting ein kan gjera er å betala kvitt. Og betala desse her gjestearbeidarane ordentleg. Det seier seg sjølv at ei mor som ikkje har ein skikkeleg stad å bu, som me ser her i denne filmen, som jobba 12-14 timar om dagen, ikkje kan ta med seg borna sine til dei landa der dei jobbar.

LES OGSÅ:– Jumping, ikkje dumping

Brot på barnekonvensjonen
Kirsten Sandberg er leiar for FN-komiteen for rettane til born.

– Det er born over heile verda som blir forlatne av foreldra sine, fordi dei migrerer til andre land for å finna arbeid. Me i komiteen har gitt kommentarar til land så forskjellige som Jamaica, Moldova, Filippinane og Kirgisistan – så dette er noko som går føre seg i alle verdsdelar. Kor representativt det er at born blir heilt utan foreldreomsorg, eller omsorg frå andre slektningar, det er ganske varierande, for det er jo mange som blir forlatne av ein av foreldra fordi den andre blir igjen, mens den andre dreg ut for å finna arbeid, og det er mange born som blir plassert hos slektningar, hos besteforeldre eller andre.

– Det at born er utan omsorg frå vaksne omsorgspersonar, helst foreldra, men eventuelt andre, er eit brot på barnekonvensjonen til FN. Eg meiner ikkje å seia at det er foreldra som bryt barnekonvensjonen, men det er noko med dei ordningane og dei systema som finst for ar foreldra skal ta vare på borna sine på ein ordentleg måte.

Kuba sjølv meiner skulane burde vera flinkare til å følgja opp born som er ein slik situasjon.

Kirsten Sandberg er klar på at det er styresmaktene som har ansvaret. Først og fremst må dei skaffa seg eit oversyn over kor mange det gjeld i kvart land og så følgja opp med tiltak for desse familiane det gjeld.

– Det er noko med den grunnleggande strukturen i samfunnet som må vera på plass. Ein må setja inn tiltak slik at ein ikkje treng å reisa ut for å skaffa seg arbeid, i alle fall ikkje meir enn ein forelder.

LES OGSÅ: – Ungdom i Europa må reddast

Frå filmen «Jeg er Kuba». Foto: Sant og Usant Dokumentarfilm

Fri flyt av foreldre
Korleis går det no med Kuba og broren Mikołaj? No har dei flytta med mora til Austerrike, og har byrja på skulen der. Sjølv om dei er i eit nytt land med eit nytt språk, har Kuba klart å få toppkarakter i klassen sin.

– Han er ein liten, stor mann, seier Danuta Pyrek stolt om sonen sin.

Sjølv om det har gått bra for dei no, er talet på born som må leva utan foreldra sine stort. Fleire byrjar å få augo opp for dette.

Romania sitt bidrag til Melodi Grand Prix i år, handlar om einsemd til eit barn som blir igjen. I nyare tid i Europa er dette ein konsekvens av grensene som blei opna for ti år sidan. Det er vanskeleg å seia kor mange born det gjeld, men det blir rekna at det kan vera mellom halv og éin million i EU. Berre i Polen er det rekna at 100.000 born er åleine, medan foreldra har dratt for å tena pengar i utlandet.

Sjå heile filmen her!