– Ungdom i Europa må reddast

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

74 millionar arbeidsledige

 

I Hellas er no over nær to av tre unge under 25 år arbeidsledige, medan over halvparten av unge i Spania er utan arbeid.

I Sverige er nær ein av fire unge utan arbeid, medan talet for Noreg er 8 prosent, ifølgje Organisasjonen for samarbeid og utvikling (OECD). I Europa er det no 7,5 millionar arbeidsledige mellom 15 og 24 år.

LES OGSÅ: Kjempar mot rekordstor arbeidsløyse

– Må redda ein heil generasjon

Tysdag byrja OECD Week under overskrifta "It sine all about people: Jobs, Equality and Trust". OECD Week består av konferansen Forum og ministerrådsmøte og samlar deltakarar frå politikken, akademia, sivilt samfunn og næringsliv.

– Me må bli betre i kampen vår mot ungdomarbeidsløysa. Elles vil me tapa slaget om samhaldet i Europa, sa den tyske finansministeren Wolfgang Schaeuble, ifølgjeReuters. Den tyske, franske og italienske regjeringa gjekk tysdag kveld ut med ein felles uttale at det er trong for handling for å redda ein heil generasjon som fryktar at dei aldri vil finna nokon jobb.

– Me har den best utdanna generasjonen, men har sett dei på vent. Dette er ikkje akseptabelt, sa den italienske arbeidsministeren Enrico Giovanni.

74 millionar arbeidsledige
Noreg har formannsskapet for OECD-møtet, og ungdomsarbeidsløysa og aggressiv skatteplanlegging er viktige tema for Noreg.

– Internasjonalt samarbeid er naudsynt for å finne og dele gode løysingar for å bekjempe arbeidsløysa blant unge. Difor er eg glad for at OECD vil vedtake ein handlingsplan mot ungdomsarbeidsløysa, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

– Det er om lag 74 millionar unge arbeidsledige i verda. Langvarig arbeidsløyse fråtek unge høvet til å delta og bidra i samfunnet gjennom arbeid. Å få ned ungdomsarbeidsløysa er difor eit av dei viktigaste temaa denne veka, seier finansminister Sigbjørn Johnsen i ei pressemelding.

Finansminister Sigbjørn Johnsen og OECDs generalsekretær Angel Gurría. Foto: OECD/Victor Tonelli.