HVO vil ha digital eksamen for alle neste år.

Høgskulen i Volda går hardt ut – ambisjonen er at nesten alle skal ha digital eksamen allereie neste år.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein klar fordel at eksamensavviklinga vert mest mogleg lik kvardagen, seier prosjektleiar for digital eksamen ved Høgskulen i Volda (HVO), Hilde Kristin Elvestad, i ei pressemelding.

Denne våren har høgskulen gjennomført fleire eksamenar der studentane har med si eiga berbare datamaskin og leverer eksamen på den. No er målet at alle studentane, så langt det er praktisk mogleg, skal få ha digital eksamen allereie neste vår.

– Nokre vurderingsordningar er det sjølvsagt vanskeleg å digitalisera, men me håpar å få det til med dei aller fleste, seier Elvestad, og trekk fram til dømes naturfag som eit fag det er vanskeleg å levera digitalt, sidan mykje må teiknast og forklarast for hand. Der har høgskulen funne ei løysing gjennom å skanna teikningane og sendt digitalt med resten av svaret.

Etterspurd, men utfordrande
– Studentane ønskjer dette, og eg trur nesten det er slik at dei ser etter kven som tilbyr det når dei søker utdanning, seier Elvestad.

At digital eksamen er ettertrakta, er det liten tvil om. Fleire utdanningsinstitusjonar jobbar også med å innføra digital eksamen – med varierande hell.

Universitetet i Bergen (UiB) har det same målet som HVO, at alle studentar skal få digital eksamen i 2017. I fjor var 48 prosent av eksamenane digitale, men innføringa har fått blanda respons, skriv Studvest.

Problemet er Inspera, programmet som blir nytta til å skriva og levera digital eksamen. Det same programmet blir også nytta av HVO og andre institusjonar med digital eksamen.

– Programmet er uferdig, seier Julie Riise, førsteamanuensis ved Institutt for økonomi på UiB, til Studvest. Ho trur ikkje UiB når målet i 2017. Problemet er at det er vanskeleg å skriva formlar og teikna figurar med eit tastatur.

Du kan lesa meir om eksamen og utdanning på Framtida.no

Runar Bjørkvik Mæland, tidlegare studie- og læringsmiljøansvarleg i Studentparlamentet i Oslo, meiner det er på høg tid at digital eksamen blir hovudregelen.

Ingeborg Steine Jensen fekk panikk då ho såg eksamensoppgåva på tulle-nynorsk

Iran stengde nettet i heile landet for å hindra juks på eksamen