Fryktar stipend-endring råkar mange

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nye stipend-reglar får konsekvensar

Lånekassen innførte i år nye reglar for kven som får grunnstipend, ei stipendordning som skal hjelpa elevar frå familiar med svak økonomi. Bakgrunnen er at Lånekassen såg at veldig mange elevar fekk dette stipendet, fleire enn dei rekna med hadde svak økonomi. Derfor vart inntektsgrensa senka.

Det fekk konsekvensar for Jonas Volden (18) frå Trondheim, skriv Adressa.

Begge foreldra får støtte frå NAV, og derfor rekna Volden det som sjølvsagt at han skulle få den støtta han trengde for å fullføra utdanninga på media og kommunikasjon i Trondheim. Tidlegare har han hatt tre ekstrajobbar ved sida av skulen – i år ville han berre ha ein, og fokusera meir på utdanninga.

Etter at grunnstipendet forsvann, såg han ikkje noko anna løysing enn å droppa ut frå vidaregåande.

– Eg trur mange vil bli overraska over kor lite regjeringa ventar at ein skal klara seg på. Eg tvilar på at eg er den einaste som kjem til å måtte droppa ut, seier Volden til Adressa.

LES OGSÅ: No må studentar bevisa at dei ikkje bur heime

Føler seg lurt
Kristoffer Hansen, leiar i Elevorganisasjonen, seier til Adressa at situasjonar som den Jonas Volden har hamna i gjer at han føler seg lurt av regjeringa.

– Når det er så mange som no ikkje har fått stipendet dei treng, vil det i verste fall bli som i Jonas-saka, der det kan vera at dei droppar ut. Det kan virka som dei har gjort ein feil, og ikkje skjønt det, seier Hansen, og siktar til Kunnskapsdepartementet. Han forventar at reglane blir endra.

Meir til færre
Dei nye reglane for grunnstipendet gjer at færre skal ta imot denne støtta, men at dei som får skal få noko meir. For  å rekna ut kor mykje støtte du kan få, skal inntekta til begge foreldra reknast med. Om elev skal få fullt grunnstipend på 3020 kroner i månaden, må foreldra ha ein samla inntekt på under 235 100 kroner.

Lånekassen grunngjev endringane med at det var fleire som fekk grunnstipend enn dei rekna med hadde svak økonomi.

LES OGSÅ: Student utan lånekasse