Elevar med dårlege karakterar mest mobba

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse blir mest mobba

Ungdommar med dårlege karakterar er mest utsette for langvarig mobbing, også i overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande, ifølgje ein ny studie.

Forskarane ved Høgskolen i Hedmark fann at dårleg psykisk helse og dårlegare karakterar på ungdomsskulen var faktorar som kjenneteikna mobbeoffer, skriv Dagens Medisin.

Studien er gjennomført av professor Lars Lien, som også leier Nasjonal kompetanseteneste for rus. Han blei gjort blant 3.674 skuleelevar i Oslo. 337 elevar i 15-årsalderen oppgav at dei blei utsette for mobbing, mens talet tre år seinare var redusert til 48 elevar.

– Resultatet viser at det er viktig å følgje opp dei elevane ein veit har slite med mobbing i 10. klasse. Trua på at all mobbing blir borte når barna skifter miljø er tydelegvis feil. Nokre personar er sårbare for mobbing, og når dette er kombinert med dårleg psykisk helse og dårlege skuleprestasjonar, bør ein vere ekstra på vakt, seier Lien. (©NPK)

Les fleire saker om mobbing her!