«Eg sov ikkje, mista mensen og svima av på skulen»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mista søvnen og håret

– Kor skal eg starta?

Bloggaren Linda Stuhaug, som har over 50.000 følgjarar på Instagram, har fått spørsmålet om kva forhold ho hadde til kosthald og mat i oppveksten.

Dagleg les om lag 10.000 personar oppskriftene på bloggen hennar. Oppskrifter på søtpotetpizza, søtpotetnachos og sunt godteri går som det suser.

Men bak suksessen ligg ei dramatisk livserfaring.

LES OGSÅ: Det er på tide å starte ein elsk-kroppen-din-revolusjon

Største jenta i klassen
Tidlegare har Linda jobba som personleg trenar i heimbygda Naustdal, men dette skuleåret flytta ho til Oslo for å ta fatt på ein bachelorgrad i ernæring.

21-åringen har fått seg ein kopp kaffi og kommenterer lukta av komler i Kaffistova i Oslo.

Så tek ho fatt på historia.

– Eg merka allereie i barnehagen at eg alltid var den som satt nedst på den huska. Eg har på ein måte alltid vore den største i klassen  og kan nesten seia at eg vart «fødd lubben». Så eg såg på meg sjølv som «feit» allereie som liten, minnast Linda.

Ho fekk nokre kommentarar på det, men var ikkje noko mobbeoffer og opplevde å ha støtte frå gode vener.

Kosthaldet var vanleg norsk husmannskost, fram til slutten av sjuande klasse.

Då Linda byrja å få lommepengar, kjøpte ho mykje usunn mat.

Den unge jenta vart berre større og større, før ho til slutt passa inn i kategorien overvektig.

LES OGSÅ: Klar samanheng mellom diabetes og anoreksi

Linda Stuhaug

Overvekt og eteforstyrringar
Linda er ikkje åleine. Seinast denne veka kom Verdas helseorganisasjon (WHO) med ein ny rapport der dei slår alarm om vektproblema blant unge.

Ifølgje Folkehelseinstituttet hadde 16 prosent av norske åtteåringar fedme eller var overvektige i 2012. Studien viste òg at problemet var meir utbreidd blant jenter.    

Jenter er òg dei som slit mest med sjølvkjensla, eit problem som ifølgje Ungdata-undersøkinga er tett knytt opp mot eigen utsjånad.

Spørjeundersøkinga viser at så mykje som 70 prosent av unge jenter er misnøgd med eigen utsjånad.

Rundt ti prosent av befolkninga får lettare eteforstyrringar, som kan utvikle seg til meir alvorlege lidingar. Slanking er ein av risikofaktorane.

Det er flest kvinner som lir av bulimi og anoreksi, men ein reknar med store mørketal blant menn.

I  nyare tid har me òg fått omgrepa megareksi, som betyr at ein fokuserer på å trene seg så stor som mogleg, og ortoreksi, som er overdriven fokus på å leve og ete sunt.

LES OGSÅ: Trening kan gje syreskadde tenner

Mista håret og menstruasjonen
Då Linda gjekk i tiandeklasse på ungdomsskulen fann ho ut at ho måtte gjera noko med vekta  – før det var for seint.

Det meste av informasjonen fann ho på Internett og i blad. 16-åringen byrja med å gjere små endringar i kosthaldet – så stadig fleire.

Ho byrja å trene målretta. Etter kvart vart det fleire økter dagleg. Og innsatsen gav resultat. Pila på vekta peika nedover. For fyrste gong følte Linda at ho ikkje mislukkast.

På eit halvt år gjekk ho frå å vere overvektig til undervektig.

Endringane gjekk både på humøret og helsa laus.

– Eg såg det ikkje sjølv, men eg merka det på energinivået. Eg sov ikkje om nettene, eg mista menstruasjonen, eg mista veldig mykje hår og kleda såg ut som søppelsekkar på meg. Dei berre hang og slang. Så det bikka over – kan ein seie.

Til slutt hadde ho så lite energi at ho svimte av på skulen.

LES OGSÅ: Når blogginga blir terapi

Sjalusi og speglbilete 
Undervegs sa vener, familie, trenarar og andre lærarar at ho ikkje burde gå meir ned i vekt. At ho burde ete meir. Men Linda høyrde ikkje på nokon.

– Ein ser ikkje forskjell på sitt eige spegelbilete, så du trur at folk lyg til deg. At folk seier det berre fordi dei er sjalu eller noko. Så det er veldig vanskeleg, erkjenner Linda.

Kva ein skal gjere når ein ser at nokon slit med eit usunt forhold til kropp og mat er ikkje lett, men Linda rår folk til å ikkje slengje kommentarar av typen; « Skal du ikkje ete meir enn det?» og «Skal du trene no igjen?»

Det kan verke mot hensikta.

Om kjenner nokon som har eit usunt forhold til mat eller du sjølv har det, kan du kontakta Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS) eller Interessegruppa for spiseforstyrrelser (IKS).

LES OGSÅ: Fleire søkjer hjelp for eteforstyrringar

Vegen tilbake
Til slutt tok Linda sjølv kontakt med ein lærar som stod ho nær, for å fortelja om søvnproblema og energitapet. Det vart starten på ei viktig erkjenning.

Læraren fekk Linda til å opne seg og fortelje om årsaka til problema og sendte ho vidare til fastlegen.

Etter å ha innsett problemet har Linda brukt tida etterpå til å byggje seg opp att.

– Det tok ganske lang tid før eg kom meg ovanpå. Det er ikkje berre å byrje å ete og trene normalt att. Det vanskelegaste var utskeiingane. Det å ikkje ha kontroll over maten lenger. Eg måtte slutte å telje kaloriar, å vege mat og alt det der. Det var ekstra vanskeleg når ein mista heilt kontrollen; i selskap, rundt juletider, i påsken og slikt. Det å kunne unna seg noko ekstra på ein laurdag – utan å vege det opp med å trene meir dagen etterpå – har teke lang, lang tid.

På same måte som livsstilsendringar i samband med vektnedgang ikkje kan gjerast over natta, tek det tid å endra livsstilen tilbake til normalen. 

Linda er framleis oppteken av å leva sunt, men held seg til 85-15 regelen. Det betyr at ho stort sett et sunt, men unner seg noko godt innimellom.

Det er viktig å skeie ut i blant.

LES OGSÅ: Marianne Håheim (28): – Julefeiringa var ein stor triumf for meg

Bloggansvaret
Linda er ikkje tvil om at kroppspresset i dag er mykje verre enn då ho gjekk på ungdomsskulen og at sosiale medium er hovudårsaka.

Folk postar bilete av veltrente magar i sosiale medium under slagord som «Strong is the new skinny».

Sjølv har ho slutta å sjå på bilete av fitnessmodellar som poserer i bar overkropp.

Som matbloggar med ein stor tilhengjarskare har Linda vorte stadig meir medviten om kva signal ho sener ut.  

– Eg ser jo det at eg som bloggar har ei veldig stor påverknadskraft. Veldig mange folk i alle aldrar les bloggen min kvar dag, så eg må tenkja over korleis eg ordlegg meg og kva eg skriv.

Ho får stadig e-postar av folk som vil ha hjelp til å gå ned i vekt.

Mange lurar på kor kaloriar som er i dei ulike rettane. Men for Linda er det eit medvite val å ikkje dela kaloriinnhaldet.

– Eg har telt kaloriar i mange år, så eg kan sjå på ein tallerken og vete kor mange kaloriar det er. Men eg skriv det ikkje, fordi det er ikkje sunt å telje kaloriar. Det er ikkje sunt å vege og telje, slik at ein veit alt ein får i seg. Eg vil ikkje påverka på den måten.

LES OGSÅ: Linnea Myhre vil ha aldersgrense for blogging

Kosthald for kropp og psyke
Då angsten for maten var som verst, unngjekk Linda alle sosiale samankomstar.

Slik er det heldig vis ikkje lenger. Etter intervjuet skal ho på eit bloggmøte med andre bloggarar.

Linda ser at kosthald og helse opptar folk. At det er trendy å ete sunt og trene.

Ho trur ikkje alt fokuset på kosthald og helse er udelt negativt, men at for nokon bikkar det over.

–  Det handlar om å finne ein livsstil som du kan leve med. Gjere små endringar som ikkje går ut over mat og smak. Diettar er berre kortvarig. Men ein må finne eit kosthald som kroppen, hovudet og psyken fungerer med.

– Korleis er ditt forhold til mat i dag?

– Eg er ekstremt matglad. Eg elskar mat, smiler ho.

Bloggaren lyser opp når ho snakkar om mat, men ein liten skugge frå tidlegare vil nok alltid vere der.