«Julefeiringa er ein stor triumf for meg»

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Det er flautt og feil å vere her. Det er flautt at blankpolerte kirurgar må opne og tømme liggjesåret som ei kvise, tørke pusset av ryggen min med papir. Det er feil at saltvasskompressen gror fast i såret gong på gong, at eg må liggje på magen i senga medan ulike sjukesystrer prøver å dra han laus frå kjøtet med ubekvemme grimasar. Mamma held meg i handa og græt medan eg skrik. Så stygt skulle det ikkje bli.»

Frå Svart belte.

Kvelden før eg snakkar med forfattar Marianne Clementine Håheim, les eg debutromanen hennar. 28-åringen sine skildringar av eigne eteforstyrringar får meg til å vende meg vekk, lukke boka.

Samstundes kjenner eg ein trong til å lese vidare. Eg vil høyre meir om tenåringen frå Jølster som samlar spyet sitt i plastposar og ber det med seg for å kaste i framande bosspann. Om korleis blodårene vert så tynne at sjukesøstrene på legekontoret ikkje klarar å ta blodprøver. Om korleis jenta ser ut som ein gamal mann i ei for stor skjorte.

Når Marianne skriv om sine eigne eteforstyrringar, inviterer ho lesaren heilt inn.

LES OGSÅ: – Diabetesen blei ulempe då eg fekk anoreksi

Desperasjon og omsorg
– Det du les, er sant. Det her har eg opplevd og gjort, seier forfattaren.

I sin sjølvbiografiske debutroman freistar ho å syne fram heile spekteret av kjensler og handlingar, som alvorlege eteforstyrringar kan føre til.

– Noko er veldig lite flatterande, men eg kunne ikkje utelate noko på grunn av mi eiga forfengeligheit. Dette er desperate handlingar av ein som er så sjuk at det einaste ho tenkjer på er å bli kvitt maten. Det var så mykje kontroll eg mista over meg sjølv. Eg trur det er viktig for folk å forstå kor farlege og sjølvutslettande desse sjukdommane er.

LES OGSÅ: Vil ha livsmeistring inn i skulen

Det skumlaste var å sende manuset i sin heilskap til foreldra. Dei er nært til stades i romanen, med omsorga og fortvilinga si. Det var dei også i røynda.

– Familien min har spela ei stor og viktig rolle i dette og dei har sine eigne minner om korleis det var. Eg var veldig nervøs då eg sende dei manuset, og veldig glad då dei gav tommel opp. Dette er ting som er vonde å hugse.

Frå trist til sint
No er Marianne 28 år. Gjennom jobben i Redd barnas ungdomsorganisasjon Press får ho blant anna  jobbe med temaet ungdom og psykisk helse. Det passar fint. I dag er det nemleg ikkje lenger slik at Marianne først og fremst vert lei seg av kroppsfokus og einsidige ideal.

I dag vert ho heller forbanna av retusjert reklame, for mykje reklame i offentlege rom, og politikarar som ikkje kjem seg på bana.

– Vi må ha betre helseteneste i skulane, slik at elevar har lett tilgang på kvalifiserte fagpersonar. Vi må kanskje ha psykisk helse som eit eige fag i skulen, eller i allefall snakke om det tidlegare. Vi må merke all retusjert reklame tydeleg, slik at ikkje vi gløymer at det vi ser ikkje er røynda. Og vi må avgrense omfanget av reklame i offentlege rom, ramsar ho opp.

Forfattaren meiner det handlar om liv og død.

– Det er stadig nokon som meiner at kroppspress og påverknad frå reklame er ferdigsnakka ilandsproblem for kvite, priviligerte jenter av dessertgenerasjonen. Eg er glad for at dei som seier slikt, truleg ikkje sjølv har opplevd kroppspress eller eteforstyrringar, men med mindre dei har noko positivt å bidra med, så kan dei klappe igjen. Å bagatellisere hjelper ingen. Kroppspress er eit alvorleg samfunnsproblem, og det må vi også diskutere det som, seier ho.

LES OGSÅ: Stadig yngre treng hjelp

Fekk anoreksi trass postkortidyll
For Marianne sjølv handla det mykje om kroppen og korleis han såg ut, då ho som 13-åring byrja å strebe etter fullstendig kontroll. Det gjeld nok ikkje berre henne.

I 2014 tok 2700 personar kontakt med organisasjonen Rådgivning for spiseforstyrrelser (ROS). Det er 70 prosent fleire enn i 2010. Professor og ekspert på eteforstyrringar ved Universitetet i Tromsø, Jan Rosenvinge, seier til NRK at talet på personar med lettare eteforstyrringar aukar. Dette gjeld dei som ligg tett opptil å få ein diagnose, men som ikkje kvalifiserer heilt.

– Eg kan ikkje skjøne anna enn at dette heng saman med kroppspress, reklame, retusjering, sosiale mediar og dei konstante tilbakemeldingane vi får på utsjånad, seier Marianne.

LES OGSÅ: «Vi må få slutt på tausheita»

Ho strekar samstundes at eteforstyrringar har komplekse grunnar, og at dei utløysande faktorane er ulike for alle.

– Eg kan ikkje forklare kvifor eg vart sjuk hundre prosent, eg som levde eit harmonisk liv, midt i postkortidyllen på Jølster. Det er komplisert. For nokon handlar det kanskje ikkje om kroppen i det heile teke, men kanskje berre om å ha kontroll. For meg handla det veldig mykje om kroppen, og det trur eg har å gjere med vår kultur, seier ho.

Å vere ein kropp i verda
I dag er Marianne sitt forhold til kropp framleis langt frå ukomplisert. Ho er framleis sårbar, for bilete og samanlikningar med andre. Men den innadretta kritikken er på veg over i eit utadretta engasjement og ei interesse for korleis kroppane våre finst og tek plass i verda.

– Kroppen er det ytre biletet av kven du er. Kroppen er slik du tek plass i verda, gjennom den påverkar og berører du andre. Det er veldig spanande korleis kroppar finst i verda, syns eg.

LES OGSÅ: Fleire søkjer hjelp for eteforstyrringar

Forfattaren skildrar gjerne dyrekroppar i tekstane sine, og er fascinert av korleis for eksempel hestar beveger seg uanstrengt gjennom naturen. Menneska, derimot, er hemma av kultur og konvensjonar.

– Eigentleg er kroppen eit fantastisk naturgjeve verkty, som kan gjere så mange ting. Men vi har redusert den til så lite i vår kultur. Du ser det på folk, korleis nokon syns det er ubehageleg å skulle ta den plassen dei tek, medan andre berre gjer det, seier ho.

Saka held fram under biletet.

Marianne Clementine Håheim saman med bestemora Sigrun, som no har gått bort. Katten Nurgis (Sigrun baklengs) er også med. Marianne har ein tekst om bestemora i boka. Foto: Privat.

Kroppsopprøret
Når Marianne no er heime hjå foreldra til jul er det ikkje lenger den doble skuldkjensla som regjererer, for maten ho åt og for at ho påverka dei andre med sjukdommen sin. Den evigvarande planlegginga av kva ho kan ete og kvar ho kan spy forstyrrer ikkje lenger nærleiken til dei andre.

Når julefreden senkjer seg over Jølster, ligg i staden Marianne på sofaen og et kake og ser på Harry Potter. Det kjenst som ein triumf.

– I eit samfunn fylt av reklame som prøver å få folk til å føle seg mindre verdt slik at dei skal kjøpe ting, er det ultimate opprøret å akseptere seg sjølv, seier forfattaren.

Dette skriv vår meldar om boka: Ikkje for sarte sjelar

Faktaboks

Marianne Clementine Håheim frå Jølster gav i år ut romanen Svart Belte. Den sjølvbiografiske romanen handlar om eteforstyrringane som har prega store delar av forfattarens liv.

Håheim debuterte i 2012 med diktsamlinga Bilydar.