5071 og tilbake

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile livet har han kjent seg som ein slags nordmann. Det er tungt å seie, men det er eit faktum, seier Nam Phuong Nguyen. Fødd og oppvaksen i Bergen, norsk skule, norske vener og få vietnamesiske omgjevnadar. Nam meiner han er eit draumeeksempel på integrering. Men i det siste har det skjedd ting. Han er på veg tilbake til røtene.

Tidlege taleproblem
Historia startar i Vietnam. Året er 1981, og dårlege kår etter krigen gjer at foreldra til Nam kjem til Noreg som båtflyktningar. Med seg har dei Nams tre år eldre bror, og Nam som ligg trygt i mors liv. Dei bur på eit asylmottak i sentrum av Bergen nokre månadar, før dei flyttar rett til lågblokkene i Loddefjord, der Nam veks opp. Heime snakkar familien vietnamesisk, medan Nam lærer norsk i barnehagen.

– I barnehagen var eg eit veldig frustrert barn. Eg hadde motoriske taleproblem, så det blei føreslått at eg skulle gå til logoped. Men når eg har snakka med mor mi om det seinare, trur ho problema kom av språkfrustrasjon. Då eg starta på førskulen og grunnskulen, der alle snakka norsk, lausna det, og språkutviklinga jamna seg ut i begge språka. Eg har jobba som pedagog, og ser same tendensar hos fleirkulturelle barn i dag, fortel Nam.

LES OGSÅ: Den vesle byen med det store perspektivet

Livlege Loddefjord
Loddefjord er ein fargerik bydel, men minoritetsgruppene er små, fortel Nam. Han fekk morsmålsundervisning  på vietnamesisk frå 1. til 10. klasse, men det var få andre vietnamesarar på skulen. I Olsvik og på Søfteland bur det fleire vietnamesarar, men bortsett frå nokre utflukter dit var ikkje familien del av det vietnamesiske miljøet.

– Mor mi er buddhist, og far min var katolikk. Eg veit ikkje om dei bestemte seg for å ikkje praktisere religion då dei kom til Noreg. Mange vietnamesiske miljø er knytte til religion, men min familie er ikkje det.

Det var vennene som opptok Nam mest i barne- og ungdomsåra. Ein samansett gjeng med venner frå blant anna Bolivia, Kapp Verde, Sri Lanka, Polen, Portugal, Brasil og Chile.

– Alle er i same situasjon. Vi er mange fleirkulturelle grupper, men alle er små. Det er fint og spesielt for Loddefjord, og miljøet har hatt alt å seie for den norske identiteten min.

LES OGSÅ: Rockarar får skrivehjelp

Postnummeret på kroppen
Saman har dei sett Loddefjord på kartet med den nye Bergensbølgen og musikken sin. Nam spelar keyboard i Fjorden Baby! og vennene i A-lagetLars Vaular og John Olav Nilsen og gjengen har sett sitt preg på det norske musikklivet.

– Det er spesielt at vi er så mange med fleirkulturell bakgrunn, men at alle syng på bergensk. Det er det eg har fronta opp gjennom åra. Ikkje spesielt meg sjølv som vietnamesar, men at eg er ein del av ein fleirkulturell gjeng som skriv bergenske tekstar.

Loddefjord har ein spesiell plass i hjarta, og omtrent alle i gjengen har tatovert  det gamle postnummeret 5071 på kroppen. Nam har bestemt seg for å setje 50 på eine handleddet og 71 på det andre. 

LES OGSÅ: – Metalrock funkar best på engelsk

Mista språket
Den vietnamesiske bakgrunnen var han ikkje spesielt interessert i tidlegare. Det var identiteten sin som musikar Nam var mest oppteken av i ungdomsåra.

– Det var aldri ei søking etter å vere nordmann. Det var musikar eg ville vere, og eg tok avstand frå veldig mykje. Det var gjengen min eg var oppteken av. Medan søskena mine brukte meir tid med familien og utvikla den vietnamesiske talemåten, mista eg språket sakte, men sikkert. Men eg har alltid bore det vietnamesiske namnet mitt med stoltheit, og den vietnamesiske maten har alltid vore best.

Han tok ein lang pause frå vietnamesisk språk og kultur. Men så gjekk åra, og plutseleg trefte han ei vietnamesisk jente. I dag er det livet som vietnamesar som opptar han.

– For berre nokre år tilbake snakka eg vietnamesisk som ein tiåring. Men no køyrer eg på med gestikulasjonar når eg flowar på nokre saftige tiradar om liv og samfunn, jepp, på vietnamesisk.

LES OGSÅ: I norsk teneste

Vietnam i California
Det er kjærasten, Thien som også er av vietnamesisk opphav, men som har vakse opp i California, som får æra for omveltinga. Nam og Thien møttest då ho var utvekslingsstudent i Noreg. Thien er kunstnar, og det begynte med at dei jobba i lag på nokre prosjekt.

– Vi kjente oss igjen i kvarandre. Det spesielle er at også hennar foreldre var båtflyktningar frå Ho Chi Minh City, og at også ho var i magen til mora under båtferda. Då vi møttest, blei det heilt naturleg å snakke vietnamesisk i lag, i staden for engelsk. Thien er ikkje berre kjærasten min, ho er den første og einaste skikkelege vietnamesiske vennen eg har hatt. Etter kvart har eg fått praktisert språket, og no tør eg å vere meir open, fortel Nam.

Men heilt enkelt var det ikkje å komme seg vidare.

– I mange tilfelle har språkutfordringane gjort at eg nærast har blitt galen i hovudet. Det er noko med det tonale aspektet i vietnamesisk språk som eg ikkje alltid får til, som gjer at det høyrest ut som eg har ei potet stappa langt ned i halsen når eg hevar stemma. Men Thien er ein veldig god språkstøttespelar. Ho er oppmuntrande og lærer meg kule banneord på vietnamesisk. Sånne ting likar eg.

Vietnamesisk sarkasme
Med språket kjem også andre ting. Når han syng karaoke, begynner han å lure på teikna og bokstavane. Før var han dårleg i å lese vietnamesisk, men no har han begynt å prøve. Han kallar seg ein språkstudent.

– Sjølv om også Thien har vakse opp utanfor Vietnam, har ho noko veldig vietnamesisk ved seg, meiner Nam. – Det er noko med kroppsbevegelsane som er jævla stilig. Ho er mykje meir vietnamesisk enn eg. Ho har sarkasmen, og måten ho himlar med auga på, blir jævla vietnamesisk.

Der nordmenn skrellar gulrøter over vasken, sit Thien på huk og har eit kar med vatn mellom beina. Ho sparar ei bøtte med zalo-vatn i ei veke og brukar henne igjen og igjen, medan nordmannen Nam tømmer ut vatnet med ein gong.

– Eg kallar henne ein ekte vietnamesar, ho har dei kule tinga. Og så lagar ho utruleg god mat. Medan eg liksom skal lage vietnamesiske vårrullar og finn oppskrifta på mat.no, har ho oppskrifter frå foreldra sine.

Pappa-pokergeni
Møtet med Thien har gjort Nam meir oppteken av opphavet sitt. Før var språket ei hindring som gjorde det vanskeleg å halde kontakten med andre vietnamesarar. I det nye vietnamesiske livet besøkjer han venner av familien så ofte han kan. Spesielt Tanh Cat, som driv ei lita matvareforretning på Korskirkeallmenningen.

– Tanh har kjent meg sidan eg vart fødd. Det tok mange år før eg bestemte meg for å besøke han og handle mat hos han igjen. Eg følte vel eit slags press sidan eg er son av Ha Hong Nguyen – pokergeniet, chachadansaren og ikkje minst ein skikkeleg kvinnebedårar. Far min var ein ekte røvar. Tjuagut om du vil. Han var veldig godt likt i det vietnamesiske miljøet i Bergen og blir hugsa som ein jævla kul fyr. Han døydde i 2008, og eg veit at venene hans set pris på at eg viser respekt ved å besøkje dei. Alle elskar historier om far min, dei er dødsbisarre, og dei har eg lyst til å ta vidare.

Mor visste
Dei siste fem åra faren levde, budde han i Vietnam, medan mor, storebror og to yngre søsken  blei i Noreg. Kor kjærasteparet vil leve i framtida, veit ikkje Nam. I Noreg eller Europa. Kvar som helst, eigentleg, der det passar å drive med musikk, film og kunst.

– Vi seier av og til at vi vil flytte til Vietnam, men mor mi meiner vi aldri må finne på å romantisere Vietnam. Ho skjønar ikkje kvifor i alle dagar vi kan tenkje på å forlate Noreg.

– Eg er framleis i Bergen, men eg ser byen på ein anna måte. Det er utruleg kult å vere vietnamesisk, men fødd og oppvaksen i Noreg. Eg føler meg meir som ein borgar i byen enn som nordmann eller vietnamesar.

At han skulle vere i eit forhold med ei vietnamesisk jente, og kjenne seg så pass vietnamesisk i vaksen alder, er ikkje noko Nam har sett føre seg tidlegare.

– Men mor mi seier: Eg visste du ville komme tilbake.

 

Denne teksten er ein av tekstane i boka Det fleirspråklege Noreg, utgjeve av Skald forlag i 2013.

Faktaboks

Namn: Nam Phuong Nguyen (30)

Språk: Vietnamesisk/norsk

Yrke: Musikar/Skribent

Fødd: Noreg

Busett: Bergen