Rockarar får skrivehjelp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rockarar får skrivehjelp

– Me vil gje unge musikarar eit spark til å skriva på norsk. Ved å ha med Nam Nguyen frå Fjorden Baby! vil me få fram barsk loddefjordrock, fortel Roald Kaldestad i den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu.

Bergensgruppa Fjorden Baby! har hatt suksess med rockesongar på morsmålet sitt, til liks med fleire andre norske grupper.

– Det er påfallande at norske band som syng på norsk klarar seg så bra. Me ynskjer at unge musikarar på Stord også skal få til å skriva gode, norske tekstar, seier Kaldestad som sjølv har turnert med norsksyngjande Odd Nordstoga.

– Det blir først ein workshop saman med Nam før me seinare i veka har rockekonsert på Litlabø fritidsklubb. Men korleis banda melder seg på har me ikkje heilt klart enno, forklarar han.

LES MEIR: Faltiriltu er opna

I går blei programmet til femårsjubilanten Falturiltu lansert. Festivalen går føre seg frå 6. til 11. november og kan skilta med variert innhald.

Årets tema er «Tøff i trynet». Kristine Torkhildsen i programkomiteen meiner festivalen har påverka lesevanane til unge på Stord gjennom fem år.

Les saka i Sunnhordland