– Metalrock funkar best på engelsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei riggar opp utstyret sitt i klubblokalet, slik at dei kan øva fram mot torsdagens Falturiltu-konsert, der tre av dei mest lovande banda på Stord skal spela.

Alle tre deltok nyleg på låtskrivarkurs med Nam Nguyen frå bandet Fjorden Baby, og resultatet skal visast i Litlabø og Sagvåg samfunnshus torsdag 10. november.

Forutan Abzurd, vert Evolver og 4Adamas også å sjå.

Det starta på Almås
Det heile starta med tre gutar frå Almås, som spela mykje instrument og fann ut at dei hadde naboar som også likte dette.

Dei byrja å spela litt i lag, og etter kvart vart dei betre og betre. No har dei snart spela saman i eitt og eit halvt år. Bandet består av Alexander Svensen (trommer), Anders Koppang (gitar og vokal) og Håkon Ersland (bass), og sjangeren dei spelar er metal.

Vil ha fleire spelejobbar
Abzurd har før spela på arrangement som 100 dagar, UKM, og juleball på Nysæter, men kunne godt tenkt seg fleire spelejobbar.

– Me har ikkje akkurat så mange førespurnadar liggjande, seier Alexander og ler litt.

– Korleis kom de på namnet Abzurd?

– Det var bror til Anders som gav oss deira gamle bandnamn, og me kom ikkje på noko betre, så då blei det slik.

Kvar måndag og torsdag er Abzurd å høyra i veggjene, på klubben i samfunnshuset på Litlabø. Dei brukar klubbtida til å øva kvar veke. Utanom når dei har spelejobbar framføre seg. Då vert det alltid litt ekstra øving heime. Dei synest det er veldig greitt at dei kan bruka lokalet på klubben til øving.

Låtskrivarkurs
Abzurd har for det meste spela coverlåtar, men har i det siste byrja med produksjon av eigne låtar. No har dei to songar som er klare, dei er å få høyra i samfunnshuset på torsdag.

– Kva synest de om låtskrivarkurset de var på i samband med Falturiltu?

– Me synset det var lærerikt, Nam Nguyen er jo ein flink musikar. Det var ei fin erfaring å ta med oss vidare.

Alexander merka seg tekstane til Nam Nguyen og likte dei ganske godt. I Abzurd er det Alexander og Anders som står for det meste av song-skrivinga.

– Kva handlar songane dykkar om?

– Den eg laga handla om eit typisk metaltema: krig. Men me treng ikkje å gå meir inn på songen, trur eg, svarar Alexander og smiler lurt.

Luggar på norsk
For ei god stund sidan laga dei ein norsk song, som dei no ikkje er særleg stolte av. Dei synest metal høyrest betre ut på engelsk, og dei nye songane deira er på engelsk.

Då eg spør om kva respons dei har fått frå folk som har høyrt den norske songen deira, ler dei litt, og Alexander seier:

– Mor til Anders er i allefall veldig glad i den songen.

Nokre av førebileta deira er Gojira, Avenged Sevenfold og Pantera. Dei norske inspirasjonane deira er band som Kaizers Orchestra, Kvelertak, Jokke og Valentinerne, og Ingenting.

Draumar og framtid
– Kva synest de om bandmiljøet blant ungdommar på Stord? Får dei vist seg fram?

– Nokre er flinke, men andre ikkje fullt så flinke. Det er ein del tilskipingar det går an å melda seg på, men det er ikkje så lett å få vist seg fram utan å melda seg på sjølv.– Korleis ser det ut for framtida til Abzurd?

– Det ser lovande ut, me vil byrja med å laga fleire songar, og få fleire spelejobbar.

– Har de nokre draumar?

Anders seier han vil ta det litt som det kjem.

– Eg vil i allefall komma litt ut, seier Alexander.

Dei håpar å kanskje få spela på Arena ein gong, og kanskje andre stader rundt på Vestlandet. Men først ventar spelejobben på «heimebane» i samfunnshuset torsdag.

LES SAKA I SUNNHORDLAND.NO!

Funkar metal best på norsk eller engelsk? Skriv meininga di i kommentarfeltet!