Dette er angst og sånn handterer du han

Psykologspesialist Yasmin Sofia Iqbal jobbar for Studenhelsetenesta i Oslo. Ho forklarer dei fem vanlegaste formene for angst, og korleis ein kan møte det.

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 15.10.2018 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Psykologen: Dette er angst og sånn handterer du han

Kvalme, prikking i kroppen, uro, hjartebank, søvnmangel. Kroppen kan vise mange teikn til angst.

Det er alarmsystemet i kroppen som skrur seg på.

Psykologspesialist Yasmin Sofia Iqbal jobbar ved SiO helse, og hjelper Framtida.no å forstå kva angst er, og korleis ein skal handtere det.

– Det er jo sånn at om vi er i ein reelt farleg situasjon, så vil dei kroppslege funksjonane at kroppen kan handle veldig raskt. Om vi for eksempel er i livsfare, seier Iqbal.

Belastningar over tid gjer ein meir sårbar

– Men kvifor får ein person med angst ein så sterk reaksjon om ein ikkje er reelt i livsfare?

– Det er veldig sammensett. Nokre gongar er det del av eit større symptombilde. Det er ikkje alltid berre ein årsak. Om ein har hatt mange belastningar over tid, kan ein få ein sterk angst, seier Iqbal.

Ho forklarer at det kan vere periodar ein søv lite, at ein har vore i ein vanskeleg livssituasjon, at ein har vore i vanskelege relasjonar, eller i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

– Om ein har hatt det krevjande over tid, er ein meir sårbar for at angstknappen i kroppen skrur seg på for lett. Nokre gongar opplever ein at det kjem fortare, men da kan ein og sjå tilbake og sjå bakanforliggande årsaker, seie Iqbal.

Kan romme «kvardagsangsten» litt meir

Iqbal forklarer at det er normalt at ein i forkant av noko som skal skje har sommerfuglar i magen, gruar seg, eller er litt spent.

– Kanskje ein skal tole og romme den angsten litt meir. Da treng ein kanskje ikkje å gjere så mykje og det er heilt greitt.

Men det er verdt å tenke på kor grensa går.

– Om ein byrjer å få problem med å fungere i kvardagen, om ein ikkje kjem seg ut for å møte menneske, og at ein blir hemma i kvardagen. Om ein ikkje får gjort daglege gjeremål, da har det gått for langt.

Les også: Psykologspesialisten gir sju tips mot eksamensangst

For der er ein forskjell på å vere nervøs og på angst som hindrar deg i dagleglivet.

Det finst fleire formar for angst. Her er fem av dei vanlegaste:

Sosial angst:

Sosial angst er redsel for å bli negativt vurdert og evaluert av andre. Ofte er ein person med sosial angst redd for å verke dum eller inkompetent, og nye sosiale situasjonar er som oftast skremmande.

Det er vanleg å vere opptatt av å skjule at ein raudnar, og mange opplever sterkt ubehag ved at ein ikkje veit heilt kva ein skal seie i sosiale situasjonar.

Panikkangst:

Om ein får panikkangst, kan ein få hjartebank, bli svimmel, byrje å svette, og kjenne ei kjensle av uverkelegheit og panikk. Ofte er ein redd for å miste kontrollen eller redd for å skulle døy. Panikkangst er plutselege sterke anfall med fysiologisk aktivering.

Fobiar:

Fobi er ei sterk og overdriven frykt for ein spesifikk situasjon eller eit objekt. Døme på fobiar er høgdeskrekk, edderkoppfobi, og frykt for å bli utsett for spesifikke sjukdomar.

Tvangslidingar:

Ved ei tvangsliding er ein plaga av tilbakevendande ubehagelege tankar, til dømes om smitte eller ulukker. Ved tvangshandlingar må ein utføre handlingar for å redusere angsten.

Døme på tvangshandlingar er å vaske, å sjekke at ting er gjort, å legge ting i ei bestemt rekkjefølge.

Dei som verkeleg er plaga av ein tvangsliding kan bruke fleire timar om dagen på tvangshandlingar.

Posttraumatisk stressliding (PTSD):

Mange opplever sterk uro og vedvarande redsel etter å ha opplevd eit traume eller ei livstruande hending. Ved PTSD er det vanleg med påtrengande minne, «flashback», frå den traumatiske hendinga.

At personen med PTSD unngår situasjonar som minner om traumet er vanleg. Det same er mangel på interesse, sosial tilbaketrekking, tristheit, følelsesmessig «nummenheit», at ein  har mareritt og søvnvanskar.

Mange kan òg oppleve meir uspesifikk uro og ha bekymringstankar. Det er òg vanleg at ein har både symptom på angst og på nedstemtheit og uro samstundes.

Les også: Sofie Frost har PTSD: Det er så deilig å vere meir sint igjen

GODE RÅD OG TIPS

Dei ulike angstlidingane blir behandla litt forskjellig. Tips 1-2 passar best for dei som har fobiar, panikkangst og sosial angst.

Møt angsten:

Eit av kjenneteikna ved dei fleste angstlidingane er at ein unngår situasjonar som triggar angsten. Dei er heilt naturleg å ville unngå ubehag og psykisk smerte. Difor unngår vi ofte det som triggar angsten og ubehaget.

Problemet med det, er at du aldri lærer deg at det du fryktar ikkje er så farleg som du trur. Å unngå det ein er redd for er med på å oppretthalde angsten.

Så du skal gjera det som verkar paradoksalt, nemleg å trene deg på å kjenne litt på å vere i det som gjer deg uroleg. Er du redd for å ta toget, kan første skritt vere å stå på togstasjonen i eitt minutt, neste gong to minutt, etter kvart tek du toga ein stasjon og så bortetter.

Trening gjer meister:

Gå fram gradvis. Endring tek tid. Når du skal trene eller eksponere deg byrjar du med det som verkar minst skremmande. Når du lærer deg at angsten blir mindre, vil det vere lettare å trene på noko som verkar litt meir skummelt.

Kunnskap er makt:

Jo meir du lærer deg om ei liding, desto lettare er det å komme seg vidare. Om du forstår kva som skjer i kroppen ved sterk angst, vil du ofte bli mindre redd.

Ta sjølv ansvar for eiga betring og bestem deg for at du skal få det betre.

Snakk med nokon du stolar på, og oppsøk profesjonell hjelp dersom angsten hemmar deg mykje i kvardagen. Det er ikkje nødvendig å ha det slik du har det no.

Mange som responderer godt på behandling, seier at det einaste dei angrar på er at dei ikkje oppsøkte hjelp tidlegare.

Informasjonen og råda er gitt av Sofia Iqbal, psykologspesialist ved SiO helse.

Vil du vite meir om angst, kan du òg finne informasjon på desse sidene:

Norsk Psykologforening: https://www.psykologforeningen.no/publikum/videoer/videoer-om-psykiske-lidelser/hva-er-angst-og-angstlidelser

Les mer om dei ulike typane angstlidingar her:

https://www.kognitiv.no/psykiske-lidelser/ulike-typer/angst/