Sofie Frost si røyst

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 04.07.2018 23:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sofie Frost: – Det er så deilig å vere meir sint igjen.

– Eg hadde det heilt jævleg. Klarte ikkje å jobbe, ikkje å kle på meg. Eg var på botn i livet.

Sånn skildrar Sofie Frost tida då ho byrja å uttrykke seg med Spoken Word, poesiforma utan reglar, der ein snakkar rett ut, og som handlar like mykje om å framføre teksten sin som å skrive han.

Ho hadde nettopp flytta frå kjærast og eit liv som frilansskodespelar i London, heim til mamma. For ein dag sa det stopp.

Hadde mykje inni seg som måtte ut

Når Frost møter Framtida er det regn. Men alt er ikkje lengre grått. Foto: Beate Haugtrø

– Eg kom til eit punkt der eg ikkje fungerte i samfunnet lengre, fortel Frost.

Frost hadde posttraumatisk stressyndrom etter opplevingar tidlegare i livet, og ho var deprimert.

Medan ho enno budde i London, hadde ho fått ein video frå søstera si, av Pages Matam som framførte eit dikt han hadde skrive som heitte Piñata.

Ho likte at det var så ærleg, rått og personleg. Ho likte måten han framførte, orda han brukte og at han var så direkte og upretensiøs. Ho vart inspirert til å skrive sjølv.

– Da eg såg at han gjorde det på sin eigen måte, tenkte eg: Shit, går det an!

Sjå Pages Matam framføre Pinata: 

For ho hadde alltid likt å skrive, men likte ikkje at det var så mange reglar for korleis ein skulle skrive.

– Eg hadde mykje inni meg som måtte ut. Eg hadde ikkje visst tidlegare korleis eg skulle få det ut. Det vart ein måte å sette ord på korleis eg hadde det.

Frost fann fram til eit slampoesimiljø her i Noreg, og den første teksten sin framførte ho på Caféteatret i Oslo.

Det Noreg ho kom heim til etter å ha budd i London, hadde forandra seg. Det påverka òg skrivinga hennar.

– Det kjentest som om eg hadde flytta tilbake til eit anna land. Eg vart bevisst rasismen. Eg forstår at det er kvardagen til mange, utan at eg har fått det med meg. Men no opplevde eg at det hadde vorte greitt å vere rasist. Og berre kven vi har vald inn i regjering er jo ei heilomvending, seier ho.

Hennar første tekst vart sett over ein million gongar

Den aller første Spoken Word-teksten ho skreiv, var ein tekst der ho fortalde om å ha opplevd seksuelle overgrep i barndommen og om å ha opplevd valdtekt som vaksen. Samtidig var det ein kommentar til det negative fokuset ho opplevde var retta mot folk frå andre kulturar.

I teksten fokuserer ho på at alle overgrepa ho har opplevd, har vore utført av kvite menn. Ein kvit eldre slektning, og ein kvit venn. I teksten fortel ho at ho har mange grunnar til å hate, men at ho kvar dag tar eit val om å elske.

Da ho framførte teksten, vart det plukka opp av NRK. Framføringa hennar vart filma av NRK debatt, og kort tid etter å ha vorte lagt ut på nett, hadde over ein million menneske sett videoen hennar.

– Det var den første teksten eg skreiv nokon sinne. Det vart veldig overveldande. Eg hadde sett på debattsida til NRK for å sjå kor mange som potensielt kom til å sjå videoen. Eg tenkte «Herregud, enn om tusen stykk ser denne videoen her». Og så vart han sett av over ein million. Det var veldig rart.

Eg tenkte «Herregud, enn om tusen stykk ser denne videoen her». Og så vart han sett av over ein million.

Før videoen vart lagt ut, hadde ho aldri vore eit offentleg ansikt.

– Å få mange hundre meldingar frå folk og venneførespurnader på Facebook. Det var veldig overveldande og litt ubehageleg.

Ho fortel at mange sendte henne meldingar og fortalte sine eigne historier om overgrep og traume.

– Det var veldig hyggeleg men utruleg tungt å skulle lese det. Og eg har ikkje svart nokon. Eg har lyst, for eg vil jo at dei skal føle seg høyrt, men eg er ikkje psykolog, seier Frost.

Spoken word

Frost forklarer at Spoken word er «dikt skrive for å seie». For å snakkast. Ikkje nødvendigvis for å lesast. Det er meininga at det skal bli sagt høgt til nokon, eit møte mellom poet og publikum.

– Mine dikt kan lesast, men ein får noko heilt anna ut av det når eg framfører dei. Fordi det har mykje med korleis eg seier det, rytmen. Eg skriv for å framføre. Nokon har omsett slampoesi til kamppoesi.

Foto: Beate Haugtrø

– Mine dikt kan lesast, men ein får ikkje så mykje ut av det. Fordi det har mykje med korleis eg seier det, rytmen.

Og Slampoesi, forklarar ho, det er konkurranseforma til Spoken word. Å konkurrere med dikt. Da er det eit visst sett med reglar for framføringa.

– Det må vere maks tre minutt, sjølvskrive, og ein skal ikkje bruke rekvisittar, musikk eller noko. Dommarane blir valde av publikum. Dei må ikkje ha ein grad, det er folket som dømmer. Det blir vald fem dommarar som kan gi mellom null og ti poeng.

 Finn styrke i å dele opplevingane sine

Når ho deltek på Poesislam eller framfører Spoken Word, så handlar det om å vere heilt open og dele både teksten og følelsane sine framfor eit publikum.

– Korleis kjennast det å stå framfor mange menneske og framføre noko så personleg?

– Det kjennest bra. Eg finn ei styrke i å kunne dele dei tinga. Det viser meg kor langt eg har komme med meg sjølv.

Sofie Frost under ein rosa paraply. Å framføre tekstane sine for andre viser henne kor langt ho har komme med seg sjølv. Foto: Beate Haugtrø

Det ho sjølv fortel og framfører på scena er òg ord ho sjølv gjerne skulle ha høyrt frå andre tidlegare.

– Folk kjenner seg jo så aleine, og det gjorde eg og tidlegare. Eg gjer jo det iblant no òg. Når ein høyrer andre fortelje, kan ein innsjå at ein ikkje er åleine likevel, seier ho.

– Folk kjenner seg jo så aleine. Når ein høyrer andre fortelje, kan ein innsjå at ein ikkje er åleine likevel.

Frost fortel at ho alltid har hatt sterke meiningar og ei enorm trang til å ytre seg.

– Det er fint å ha funne ein måte å gjere det ein sjølv vil på. Eg kunne ikkje blitt politikar, det hadde vorte heilt feil.

– Kva betyr det for deg å skrive tekstar og å uttrykke seg gjennom Spoken Word?­­

– Det betyr veldig mykje. Det har forandra livet mitt. Eg har fått meir sjølvverd, og funne mi eiga stemme og min plass. Sjølv om eg er på jakt fortsatt, det er ein kanskje heile livet.

Ho opplever òg at ho begynner å finne sin stemme som kunstnar.

– Og det å få lov å vere litt sjølvstendig kunstnar er stas. At det òg er noko eg kan utvikle vidare.

Eg var så sint da eg var lita, og no har eg vorte meir sint igjen, og det er så deilig

Ho fortel og at ho kjenner seg mykje sterkare.

– Eg har funne tilbake til den eg var i barndommen. Eg var så sint da eg var lita, og no har eg vorte meir sint igjen, og det er så deilig, seier Sofie Frost.