8,4 millionar til Vinje-senteret i statsbudsjettet

Kulturminister Trine Skei Grande avslørte nyheita i ei videohelsing til jubileumsfeiringa til Nynorsk kultursentrum.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsk kultursentrum, som allereie driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, har dei siste åra jobba for å etablera eit senter i Aasmund Olavsson Vinje si ånd i Telemark.

Les også: 200 år gamle Aasmund Olavsson Vinje er hyperaktuell

Direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, går av med pensjon og gjev stafettpinnen vidare til Per Magnus Finnanger Sandsmark i november. Foto: Sunniva Lund Osdal

Direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, går av med pensjon og gjev stafettpinnen vidare til Per Magnus Finnanger Sandsmark i november. Foto: Sunniva Lund Osdal

Vil ha fylkeskommunen med på laget

I statsbudsjett for 2019 føreslår regjeringa å løyve 8,4 millionar til bygging av Vinje-senteret for dikting og journalistikk i Vinje. Løyvinga blir fordelt mellom 2019 og 2020.

– Vi har kjent oss sikre på at Vinje-senteret kjem. No kan vi også bestemme når det skal opnast. Så står det att å sikre meir pengar til drift og få Telemark fylkeskommune tungt med på laget, seier direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, i ei pressemelding.

Kulturminister Trine Skei Grande skulle eigentleg vere til stades på Ivar Aasen-tunet i Ørsta, der Nynorsk kultursentrum feirar 25-årsjubileet.

Flytrøbbel gjorde at statsråden på kort varsel måtte avlyse besøket, og ho avslørte difor nyheita via ei videohelsing.

Les også: Nynorsk kultursentrum er noko heilt for seg sjølv

Vinje-jubileet

Dagleg leiar Kristian W. Rantala tok til som første medarbeidar i januar i år og Vinje kommune er i gang med å klargjere for byggjestart i 2019.

I 2018 er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Dette vart feira med dei første Litteraturdagane i Vinje, arrangert av det nyetablerte Vinje-senteret.

Frå før har staten løyvt 1,5 millionar til ei basisutstilling som vil koste 6,3 millionar. Med ombygging av tilbygg ved Vinje skule er byggjeprosjektet for Vinje-senteret budsjettert til 26,3 millionar.

Les også: Dette angrar Ottar Grepstad mest på