Fleire elevar vel yrkesfag
Meir enn 34.500 elevar har fått plass på yrkesfag når dei byrjar på vidaregåande denne hausten. Delen er større enn han har vore dei siste åra.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Totalt er det i underkant av 69.500 elevar som skal byrje på det første året i vidaregåande opplæring i haust, og for første gong på mange år er det like mange som byrjar på studiespesialisering og yrkesfag. Dei fire siste åra har yrkesfag-delen lege på mellom 48 og 49 prosent.
– Det er svært gledeleg at fleire vel yrkesfag. Vi treng mange flinke fagarbeidarar i åra framover, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H). Han meiner at tala viser at utviklinga går den rette vegen.
– Fleire ungdommar vel yrkesfag og kjem til å gå ut i yrke som samfunnet er heilt avhengig av. Samtidig ser vi at rekordmange no får lærlingplass, og at fleire fullfører og består ei yrkesretta vidaregåande utdanning. Det er veldig positivt, men vi må halde fram innsatsen, skriv Sanner i ein e-post til NTB.
Les også: Endra yrkesval – fann lukka som plastmekanikar
Helsefag aukar mest
Inntakstala for i år viser at det er studieprogramma helse og oppvekst og bygg- og anleggsteknikk som aukar mest. Der har høvesvis 203 og 220 fleire elevar enn i fjor fått plass på førsteåret.
– Det er flott at så mange ungdommar ser moglegheitene som ligg i yrkesfaga, no som vi tilpassar dei betre til arbeidslivet og gjer dei meir yrkesretta, seier direktør Hege Nilssen i Utdanningsdirektoratet.
Auken speglar i stor grad søkartala Kunnskapsdepartementet publiserte i vår. Dei viste at det var 1.200 fleire elevar som søkte seg til førsteåret på yrkesfag i år samanlikna i fjor, og at auken var størst innan fagområda naturbruk, bygg og helse- og oppvekst.
Les også: Elevar på yrkesfag skal få meir spesialisering
– Varsku
Utdanningspolitisk talsperson Martin Henriksen i Arbeidarpartiet er til liks med Sanner glad for at fleire vel yrkesfag.
– Det er heilt avgjerande for å sikre bedriftene rett kompetanse. Men vi må òg rope eit varsku. Det går framleis færre på yrkesfag no enn da Erna Solberg vart statsminister, og for visse yrke er situasjonen kritisk, seier han.
Stortingsrepresentanten trekkjer særleg fram at det blir tatt inn 2.176 færre elevar på teknikk og industriell produksjon og 635 færre på restaurant- og matfag enn i 2013.
– For ein del yrke inneber mangelen på fagarbeidarar at vi står i fare for at den norske kompetansen blir bygd ned, og for somme yrke er dette allereie tilfelle. For Noreg er det viktig at vi utdannar nok eigne målarar, murarar og kokkar og ikkje baserer oss på import av denne kunnskapen, seier han.
Han foreslår mellom anna å la elevane møte yrket tidlegare gjennom ei meir praktisk utdanning og ei opprydding i arbeidslivet for å sikre seriøse og sømmelege forhold.
Les også: Frida vil gå påbygg, men fylkeskommunen ser helst at ho tar fagbrev
Fleire på venteliste
Til liks med i fjor er det òg i år mange som ikkje fekk tilbod om studieplass gjennom førsteinntaket. Av i alt 190.698 søkarar til alle tre åra på vidaregåande, er det 15.500 som ikkje har fått tilbod om skuleplass.
– Det kan komme av at enkelte fag no blir meir populære, og at konkurransen er større. Av dei 15.500 står cirka 11.000 på venteliste, og forhåpentleg har mange av dei fått plass før skulestart, seier Sanner.
Av dei 92 prosentane som fekk tilbod om plass, var det berre 85 prosent som fekk tilbod om førsteønsket sitt, noko som er litt færre enn i fjor, ifølgje Kunnskapsdepartementet.
Totalt sett var det 1.600 færre søkarar til skuleplassar på vidaregåande i år enn i fjor.