Avinor åtvarar regjeringa mot vekst i flytrafikk

Avinor seier i eit brev til regjeringa at vekstmålet for luftfarten kan vere i strid med klimamåla. – Fullstendig klimagalskap, seier Naturvernforbundet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 06.07.2018 13:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avinor eig og driv dei fleste flyplassane i Noreg. For å møte prognosane om auka trafikkvekst på Oslo lufthamn, jobbar selskapet mellom anna med å greie ut ein tredje rullebane her.

I eit brev signert Avinors styre, sendt til eigaren Samferdselsdepartementet, uttrykkjer dei bekymring for at planane vil komme i vegen for klimamåla, skriv Klassekampen.

«Samfunnsoppdraget legg opp til vekst i flytrafikken som kan vere i strid med nasjonale klimamål og internasjonale forpliktingar på klimaområdet», skriv styret. Avinor rår vidare regjeringa å ta opp dette temaet i eigarskapsmeldinga til neste år.

Les også: Ølglasa frå Øyafestivalen blir kompost i Sogndal

Les også: Første tur med elektrisk fly

– Ein tredje rullebane er klimagalskap

Naturvernforbundet er glad for at Avinor tar opp klimaspørsmålet, og håper selskapet vil vere med på å fjerne vekstmåla til regjeringa.

– Det er fullstendig klimagalskap å utvide Gardermoen med ein tredje rullebane, seier generalsekretær Maren Esmark.

Men politisk rådgivar i Samferdselsdepartementet Rikard Gaarder Knutsen (Frp) trur den teknologiske utviklinga vil gjere dette mogleg.

– Vi må̊ ha eit mål om vekst. Meir trafikk, meir turisme, meir frakt av varer og meir handel med andre land, er ønsker vi som nasjon har.

(©NPK)

Les også: Knapt nei til vern av Lofoten i Unge Høgre