Ølglasa frå Øyafestivalen blir kompost i Sogndal
Glasa skapte hovudbry for festivalarrangøren. Men så kom renovasjonsselskapet i Sogndal med løysinga.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ølglasa frå Øyafestivalen blir kompost i Sogndal
Saka vart fyrst publisert i Porten.no
I fjor bytta Øyafestivalen i Oslo ut ølglas frå plast til PLA, nedbrytbar bioplast laga av overskot frå mais- og potetproduksjon. Det miljøvenlege grepet skulle derimot visa seg å vera meir komplisert enn arrangørane først hadde tenkt.
– I naturen vil PLA oppføra seg nesten likt som plast om den ikkje blir handtert riktig. PLA treng mellom anna høg temperatur for å brytast ned, fortel Cathrine Røsseland, mat- og miljøsjef for Øyafestivalen, i ei pressemelding.
Norsk Gjenvinning, som jobbar med Øyafestivalen til vanleg, hadde ikkje høve til å ta imot ølglasa. Redninga vart eit interkommunalt selskap frå Sogn.
Biologisk reaktor

RESULTATET: Dette er sluttproduktet når ølglasa har vore gjennom anlegget til SIMAS i Festingdalen i Sogndal kommune. Foto: SIMAS
– Me har eitt av få anlegg for reaktorkompostering i Norge, seier Hallvard Thomasen, direktør i SIMAS, i pressemeldinga.
Selskapet handterer avfallet til rundt 27.000 innbyggjarar i Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik.
Men dei jobbar òg med innovative løysingar, som reaktorkomposteringa er eitt døme på.
– Nedbrytinga skjer inne i ein reaktor, der det biologiske avfallet blir blanda under høg temperatur. Dette hygieniserer massen, tek livet av skadelege bakteriar og bryt ned avfallet, fortel Thommassen.
Nedbrytinga går raskare i eit slikt anlegg og gjer at SIMAS kan hjelpa Øyafestivalen i sommar.
– Me tek allereie i mot små mengder PLA frå ein kunde og me prøvde litt frå Vinjerock i fjor. Det gjekk bra, seier Thomassen.
Gjenbruk av ressursar

BETRE ENN DEI SER UT TIL:
PROBLEMET: Plast har dei seinare åra fått stadig større merksemd som miljøsyndar. Men det finst nedbrytbare alternativ, som ølglasa til Øyafestivalen. Foto: P. Bellis
Trass startvanskane, har Øyafestivalen tru på PLA-glasa.
– Det viktigaste er jo at avfallet blir gjenvunne og ikkje hamnar i naturen. Og når materialet ikkje er av fossile råvarer og kan bli til kompostjord, er dette verkeleg eit nybrotsarbeid, seier Røsseland.
Ved å nytta biologisk avfall til nye jordprodukt brukar SIMAS ressursane opp att , slik at planter og vekstar kan dra nytte av næringsstoffa ein gong til.
– Me jobbar med å utvikla eit torvfritt og bærekraftig jordprodukt som kan nyttast av alle våre abonnentar . Neste år vil me ha kompostjord klar til bruk , seier Thomassen.