Knapt nei til vern i Unge Høgre
Forslaget om å gå inn for vern av Lofoten, Vesterålen og Senja splitta landsmøtet til Unge Høgre på midten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I formiddag vedtok landsmøtet å ikkje gå inn for vern mot oljeaktivitet i Lofoten, Vesterålen og Senja med eit knapt fleirtal. 136 røysta for, 147 røysta mot forslaget. Miljøorganisasjonane er skuffa over resultatet
– Me hadde sjølvsagt håpt at voteringa i dag skulle gje oss ein stor siger i kampen for eit framleis oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Me er skuffa over at det akkurat ikkje gjekk denne gongen, men kanskje neste gong, seier Odd Arne Sandberg, leiar i Folkeaksjonen Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja i ei pressemelding.
Glade for nesten fleirtal
Natur og Ungdom er glade for at fleirtalet var knapt og at nesten halve landsmøtet gjekk inn for vern.
– Det utruleg gledeleg å sjå at ei stor rørsle innover i Unge Høgre kjempar for å ta vare på våre aller mest sårbare havområde. Me treng endå fleire med på laget for ei oljefri framtid i Lofoten, Vesterålen og Senja. Og den kampen held fram, seier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom.
Håpar på omkamp på neste landsmøte
Leiaren i programkomiteen for klima og miljø, Daniel Skjevik-Aasberg, tok med seg dei over 90 rapportane og utgreiingane som er gjort om Lofoten, Vesterålen og Senja opp på talarstolen.
Han erklærte at: «Me har nok kunnskap til å vita at oljeaktivitet vil ha store negative konsekvensar», og han oppfordra landsmøtet til å røysta for vern.
Etter avstemminga seier han dette til Framtida.no:
– Eg hadde håpt på eit anna resultat og avstemminga viser at Unge Høgre er delt på midten i spørsmålet om varig vern. Det har aldri vore så nær før. Dette viser at det går mot vern av Lofoten og Vesterålen òg i Unge Høgre. Held fram trenden blir det vern på neste landsmøte.
– Samstundes har me vedtatt ein veldig ambisiøs miljøpolitikk med vern av dei mest sårbare marine områda, avsluttar Daniel Skjevik-Aasberg i ein sms til Framtida.no.