Pionerane bak Bygdepride vitja statsministeren
Om lag 4.000 deltok i paraden under Bygdepride i Ørsta og Volda i mai. Onsdag vart to av arrangørane mottekne av statsministeren i hovudstaden.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Pionerane bak Bygdepride vitja statsministeren
– Det er stort at arrangementet vårt har blitt lagt merke til og det er ei ære å bli invitert, seier Frislid.
Saman med medarrangør og styreleiar for Bygdepride, Anbjørn Steinholm Frislid, deltok han på ei mottaking i regi av regjeringa i Oslo onsdag ettermiddag.
Under arrangementet i statsministerbustaden heldt Solberg ein tale der ho spesielt trekte fram gjengen bak Bygdepride og jobben dei har gjort.
– Det var heilt enormt, sa ein overvelda Sæbønes etter mottakinga.
Les også: Skeive funksjonshemma med eigen flåte i prideparaden
Mykje positiv respons
Det er ikkje berre statsministeren som har vore positiv til jobben Sæbønes, Frislid og dei fire andre i bygdepridestyret har gjort for skeive på bygda. I etterkant av Bygdepride har tilskiparane fått nesten utelukkande positiv respons på arrangementet.
– 99,9 prosent av tilbakemeldingane har vore gode. Det har vore heilt fantastisk. I lokalsamfunnet i Ørsta og Volda har folk vore svært positive. Folk kjem og klappar oss på skuldra. Dei er glade for at vi viste at Ørsta og Volda er eit inkluderande lokalsamfunn, fortel Sæbønes.
Les også: Fantastisk å bli heia gjennom gatene
Byrja på bar bakke
Det var Sæbønes og Frislid som kom med ideen om å arrangere det første Bygdepride-arrangementet i verda.
– Vi byrja heilt på bar bakke. Vi visste ikkje heilt kva vi styrte med og det var eigentleg berre ein morosam tanke som vi møttest for å prate om. Så laga vi eit facebook-side der vi oppmoda folk om å kome på eit skipingsmøte. Der møtte det opp nok folk til at vi fekk laga eit styre, fortel Steinholm Frislid.
– Vi måtte faktisk òg seie nei til nokon som ville vere med fordi det ikkje var plass til fleire arrangement, legg Sæbønes til.
Les også: Det er 25 år sidan vi starta vegen mot ei full likestilling av homofile sine rettar
Bygda for alle
– Kvifor er det viktig med eit eige pride-arrangement på bygda?
– Ferske undersøkingar viser at 10 prosent av den mannlege befolkninga grøssar når dei blir fortalt om homofilt samliv. Det viser at det framleis er ein veg å gå, seier Sæbønes.
– Eg trur det er viktig med slike arrangement over heile landet, seier Frislid.
Les også: Størst av alt er kjærleiken
Ny Bygdepride neste år
Etter den overveldande suksessen i år kjem det etter alt sannsyn til å bli skipa til festival også neste år.
– Det blir mest sannsynleg ny Bygdepride 10. til 12. mai neste år, seier Sæbønes.
– Kan de seie noko om programmet?
– Det meste er hemmeleg førebels. Men vi kan seie såpass at vi har bede nokre artistar om å halde av dei aktuelle dagane, seier Sæbønes og smiler lurt.
Les også: Presenterer skei nynorsk-historie på bygdepride
Resten av veka skal dei to bruke på Pride-festivalen i hovudstaden. Laurdag går dei med fana frå Bygdepride i paraden i Oslo.
– Vi skal delta i Prideparaden her på laurdag. Vi har med det same banneret som vi hadde på Bygdepride og går bak det. Vi oppmodar alle bygdisar til å gå saman med oss i paraden, seier Sæbønes.