Skeive funksjonshemma med eiga flåte i prideparaden

Astrid Underlid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skeive ungdommar med funksjonsnedsettingar er ein dobbelminoritet som lenge har vore oversett, seier generalsekretær i Unge funksjonshemma, Synne Lerhol, i ei pressemelding.

Organisasjonane Norges Handikapforbunds Ungdom (NHFU), Unge funksjonshemma, Uloba og Noregs Blindeforbunds Ungdom skal lage ein eigen funkis-flåte for å få meir fokus på skeive med funksjonshemmingar.

Les også: – Fantastisk å bli heia gjennom gatene

Flåten er open for alle som vil sette lys på saka

Dei har ein trailer som er open for alle og som har god plass til rullestolar. Ein kan gjerne sitte på for å vise solidaritet med gruppa, skriv dei i pressemeldinga.

Ingrid Thunem er prosjektleiar for rullande regnbogar i NHFU. Ho seier at organisasjonen synest det er viktig at du får vere den du er og leve livet ditt uavhengig av funksjonsevne.

– Skeive finst i alle former. Vi går i solidaritet fordi diskriminering aldri er ok, og for å feire at kjærleik er kjærlek, seier Ingrid Thunem.

Skeive finst i alle former. Vi går i solidaritet fordi diskriminering aldri er ok, og for å feire at kjærleik er kjærlek

Synne Lerhol gler seg til at skeive med funksjonshemningar skal gå samla på laurag.

– Dette vert så gøy! I Pride-paraden vil vi visa at vi er stolte over mangfaldet som finst i rørsla, seier ho i pressemeldinga.

Skal betre overgangen frå ung til vaksen pasient

Får ikkje den informasjonen dei treng

I Unge funksjonshemma har dei funne ut at unge med funksjonsnedsettingar og kronisk sjukdom ikkje får den informasjonen og støtta dei treng.

Med notatet «Ung, skeiv og funksjonshemma», set dei behovet for meir kunnskap om gruppa på dagsordenen.

Les også: 64 prosent fullfører ikkje vidaregåande