Presenterer skeiv nynorsk-historie på Bygdepride

– Allereie på 1930-talet kom det dikt med tydeleg homoerotisk innhald på nynorsk, seier redaktøren i Allkunne. Dei vil fortelje om tidleg skeiv litteratur på nynorsk under Bygdepride som arrangerast for første gong i Ørsta og Volda i mai.

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Under Bygdepride bidreg vi både med kunnskap om tidleg skeiv litteratur på nynorsk og gir publikum artige og harde fakta om språk, seier redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Allkunne i ei pressemelding.

Det digitale oppslagsverket har kontor i Aasen-tunet.

Per Magnus Finnanger Sandsmark er redaktør i det nynorske nettleksikonet Allkunne. Foto: Anders Aanes / Nynorsk kultursentrum

Fredag 11. mai inviterer Allkunne til lunsj og lyrikk i Aasen-tunet. Redaktøren i Allkunne vil presentere diktaren Åsmund Sveen, og lese fleire dikt av han.

– Allereie på 1930-talet kom det med dikt med tydeleg homoerotisk innhald på nynorsk. Åsmund Sveen fekk velfortent ros for godt komponerte dikt og modig innhald av fleire meldararar, seier Sandsmark, som vil fortelje meir under arrangementet.

– Det er interessant at i den nynorske litteraturhistoria er ikkje Sveen aleine om å vere tidleg ute med skeiv tematikk på nynorsk. Det Norske Samlaget gav på 1970- og 1980-talet ut fleire dokumentarbøker om homorørsla i Noreg.

– På 2000-talet er det det forlaget i Noreg som har gitt ut flest barnebøker der forelsking, kjærleik og familieliv mellom to av same kjøn er normalisert, seier Sandsmark vidare.

Blir arrangert for første gong

Bygdepride inviterer òg til Bygdeprideparty på Rokken under arrangementet. Foto frå heimesida.

Bygdepride blir arrangert for første gong i Ørsta og Volda frå 10.-13. mai, og i tillegg til litteraturarrangement frå Allkunne, skal festivalen arrangere filmvisning, Bygdepride-parade gjennom Volda sentrum, Bygdepride-party på studenthuset i Volda, og friluftskonsert i Laguneparken i Ørsta.

Under den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix laurdag 12. mai, inviterer Allkunne til Grand Prix-fest saman med Bygdepride og studenthuset Rokken. Timen før arrangementet startar kan publikum få sjå att nokre av dei beste, raraste og artigaste innslaga frå Eurovision Song Contest-historia.

I tillegg til redaktøren i Allkunne deltek tidlegare leiar i Norsk Målungdom Synnøve Marie Sætre og direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i panelet. Grepstad har gjennom det store dokumentasjonsprosjektet Språkfakta ført statistikk om språkbruk i Melodi Grand Prix frå byrjinga til i dag.