Det er 25 år sidan vi starta vegen mot ei full likestilling av homofile sine rettar


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I år er det 25 år sidan partnarskapslova vart vedteke på Stortinget. Lova gjorde det mogleg for likekjønna par å inngå offisielt parterskap i Noreg.

Innføring av partnarskapslova

Partnarskapslova vart innført i 1993, og gjorde det slik at homofile par kunne inngå partnarskap på lik linje med ekteskap – med unntak av adopsjonsretten. I forkant av vedtaket herja det ei stor usemje rundt forslaget om lova. Norges Husmorforbund snakka om at lova ville «pulverisere» det (heterofile) ekteskapet, og kristne rørsler brukte aktivt bibeltekstar for å vise sin motstand mot homofil praksis. Andre stilte spørsmål om desse motstandarane hadde så lita tru på ekteskapet som institusjon at det ville verte øydelagd berre fordi ei lita minoritet fekk same rettar som heterofile par har i ekteskapet. Men som vi veit, så tapte partnarskapsmotstandarane avgjerda, og ekteskapet eksisterer framleis som institusjon i samfunnet – sjølv om fleire og fleire par vel å ikkje gifte seg og heller bu i registrerte sambuarskap.

Ekteskapslova – borgarleg giftemål for homofile

Partnarskapslova vart oppheva i mai 2008, då det vart vedteke ei ny ekteskapslov som tillét likekjønna ekteskap. Den nye lova trådde i kraft 1.januar 2009. Endå ein gong var det høge stemmer som snakka imot lovendringa. Også denne gongen var religiøse aktørar på motstandssida. Men kyrkja fekk lov til å halde på ekteskapet som eksklusivt for mann og kvinne nokre år til.

Også kyrkjeleg giftemål for homofile

Etter årevis med debatt i Den norske Kyrkja vart det i 2016 vedteke at likekjønna ekteskap også skulle verta mogleg i kyrkja, og vedtaket vart innført i 2017. Nokre meinte at dette ville splitte kyrkja, men vedtaket på Kyrkjemøtet slo fast og understreka sterkt at det å ha to ulike syn på ekteskapet (dei som meiner både heterofile og homofile skal få gifte seg, og dei som meiner berre heterofile par har rett til giftemål), ikkje er kyrkjesplittande. Halvanna år etter innføringa av vedtaket eksisterer framleis dei to syna i Den norske Kyrkja side om side, men debatten har i stor grad stilna.

LES OGSÅ: Størst av alt er kjærleiken

Vegen vidare

Trass i at lovverk som likestiller likekjønna par med heterofile par, lever det framleis ei mistru og tabu rundt skeiv legning. Ifølge ein rapport frå Politidirektoratet vart det i fjor behandla 549 meldingar om hatkriminalitet i landet – ei auke på 17 prosent frå året før. Dette viser at det framleis er ein veg å gå for full aksept av homofile, og vi har alle ansvar for å melde frå om vi ser diskriminering. Det er 25 år sidan vi starta vegen mot ei full likestilling av homofile sine rettar, men denne likestillinga er ikkje fullført før alle par kan gå hand i hand på gata utan å risikere hets eller vald.

LES OGSÅ: Bygdepride: Frå hatytring til kjærleik