– Fantastisk å bli heia gjennom gatene
Juni er pride-månad, og fredag 22. juni startar Pride-festivalen i Oslo. – Eg håpar ungdom som treng støtte finn vegen til festivalen, seier Brita Brekke frå FRI.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Familie er årets tema for alle pride-festivar arrangert av FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold.
Målet er å utforske, utfordre og utvide familieomgrepet.
Vi i Framtida.no har tatt ein prat med Brita Brekke frå FRI Oslo og Akershus om kva du ikkje kan gå glipp av på festivalen i Oslo.
Familie er noko som følgjer oss gjennom heile livet
– Fokus på familie er viktig fordi vi ser at det er eit stort behov for det. Familie er noko som følgjer oss gjennom heile livet, og skeive møter framleis på mange utfordringar knytt til det.
– Både med tanke på å leve som heile seg i familiesettinga, og med tanke på stifte familie og å få barn, seier Brekke.
Pride House og Pride Art på Youngstorget
Ho håpar mange finn vegen til Youngstorget i år. Fredag kveld vert det utstillingsopning av PRIDE ART, og i løpet av festivalen vert det mange debattar, foredrag og filmvisningar med skeiv tematikk.
– Alt som skjer på Youngstorget er alkoholfritt og gratis, så det er perfekt for ungdom, seier ho.
Pride starta i New York i 1969, men i Noreg vaks det fram på slutten av 70-talet, med homomarsj, protestar og nokre få folk.
Fantastisk å bli heia gjennom gatene
Ho fortel at det den gong var mykje protest på morosame måtar, rosa rebellar og artige stunst. Den gongen vart skeive møtt med mykje motstand.
– Vegen har vore lang til der vi er i dag. Det er fantastisk at vi blir heia gjennom gatene, og å sjå at lokale pride-feiringar veks fram.
– Mange kjem til Oslo frå heile landet, og har PRIDE som eit friminutt i livet der dei kan vere seg sjølve, seier Brekke.
– Dei er kanskje ikkje opne i kvardagen, og difor er det så viktig at PRIDE sprer seg så folk kan kjenne på at det er skeive over alt, seier ho.
- Les også: Bygde-pride på Sunnmøre
Er der for barn og ungdom
Ho håpar barn og ungdom som er usikre eller kjenner på skam veit at det mange som backar dei og at dei står samla for å hjelpe til.
Eg håpar mange finn vegen til PRIDE og finn arenaer der dei kan vere seg sjølv
Ho meiner alle kan vere med å skape eit meir inkluderande samfunn i kvardagen.
– Det er så viktig å lytte til dei som har andre erfaringar enn det vi har sjølve. Les deg gjerne opp på minoritetar du ikkje tilhøyrer sjølv, når det kjem til kjønn, kjønnsutrykk og seksualitet, men og hudfarge og religion.
- Les også: Dronningane av Taiwan
Bruk eit inkluderande språk, så folk opplever at dei blir snakka om
I går fekk filmen Thelma rekordmange Amanda-nominasjonar. Filmen handlar om ei jente som forelskar seg i ei jente.
– Kjempekult at vi får fleire historier om skeive på skjermen. Representasjon er superviktig, og det er fleire som får det med seg med nominasjon, seier Brekke.
Du kan sjekke ut det fulle programmet til PRIDE i Oslo her.
Les også: 12 Amanda-nominasjonar til Thelma