12 Amanda-nominasjonar til Thelma

I dag vart nominasjonane til Amanda-prisane offentleggjort. Thelma får heile 12 nominasjonar.

Astrid Underlid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmprisen Amanda vart stifta i 1985 for å auke kvaliteten og fremje interessa for norsk film. Filmar som er lansert mellom 1. juli 2017 og 30. juni 2018 kan nominerast.

Thelma nominert til 12 prisar

I år er det science fiction-filmen Thelma har stukke av med flest nominasjonar.

Filmen om sørlandsjenta Thelma som flyttar til Oslo for å studere biologi på Blindern har fått heile 12 nominasjonar. Dette slår rekorden til Kongens nei, som også har fått 12 nominasjonar.

Thelma har superkrefter ho ikkje heilt har kontroll over, og får psykogene anfall når ho får sterke kjensler for jenta Anja. Thelma er regissert av Joackim Trier.

Den 12. mann har «berre» fått tre nominasjonar, men er likevel den desidert mest sette norske filmen på kino i år. Filmen er regissert av Harald Zwart.

Utanom Thelma er Utøya 22. juli og Hva vil folk si nominert til «Beste norske kinofilm».

Her er alle nominasjonane

Beste norske kinofilm
«Hva vil folk si» – Produsent Maria Ekerhovd for Mer Film, regi Iram Haq
«Thelma» – Produsent Thomas Robsahm for Motlys, regi Joachim Trier
«Utøya 22. juli» – Produsenter Finn Gjerdrum og Stein B. Kvae for Paradox, regi Erik Poppe

Beste barnefilm
«Elias og Storegaps hemmelighet» – Produsent Sigurd Slåttebrekk for Animando, regi Simen Alsvik og Will Ashurst
«Los Bando» – Produsenter Trine Aadalen Lo og Nicholas Sando for Filmbin, regi Christian Lo
«Ekspedisjon Knerten» – Produsenter Finn Gjerdrum og Stein B. Kvae for Paradox, regi Andreas J. Riiser

Beste regi
Iram Haq – «Hva vil folk si»
Joachim Trier – «Thelma»
Erik Poppe – «Utøya 22. juli»

Beste kvinnelege skodespelar
Maria Mozhdah – «Hva vil folk si »Eili Harboe – «Thelma»
Andrea Berntzen – «Utøya 22. juli»

Beste mannlege skodespelar
Adil Hussain – «Hva vil folk si»
Henrik Rafaelsen – «Thelma»
Leon Bashir – «Gjengangere»

Beste kvinnelige birolle
Anne Marit Jacobsen – «Norske byggeklosser»
Kaya Wilkins – «Thelma»
Solveig Koløen Birkeland – «Utøya 22. juli»

Beste mannlege birolle
Ingar Helge Gimle – «Rett vest»
Reidar Wayne Ewing – «Now It’s Dark»
Kim Sørensen – «Gjengangere»

Beste filmmanus
Siv Rajendram Eliassen og Anna Bache-Wiig – «Utøya 22. juli»
Eskil Vogt og Joachim Trier – «Thelma»
Iram Haq – «Hva vil folk si»

Beste foto
Jakob Ihre – «Thelma»
Martin Otterbeck – «Utøya 22. juli»
Marius Matzow Gulbrandsen – «Skyggenes dal»

Beste produksjonsdesign/scenografi
Astrid Sætren og Sebastian Ekeberg – «Adjø Montebello»
Roger Rosenberg – «Thelma»
Mikael Varhelyi – «Den 12. mann»

Beste visuelle effektar
Lars Erik Hansen (Gimpville), Morten Jacobsen (Storm Studios), Alexander Kadim (VARG Studios) og Arne Kaupang – «Den 12. mann»
Esben Syberg (Shortcut) – «Thelma»
Torgeir Busch (Storyline Studios) – «Adjø Montebello»

Beste musikk
Ola Fløttum – «Thelma»
Thomas Dybdahl – «Now It’s Dark»
Chirag Rashmikant Patel, Magdi Ytreeide Abdelmaguid, Kjetil Røst Nilsen og Thomas Kongshavn – «Adjø Montebello»

Beste klipp
Olivier Bugge Coutté – «Thelma»
Jonas Aarø og Thomas Trælnes – «Adjø Montebello»
Janus Billeskov Jansen og Anne Østerud – «Hva vil folk si»

Beste lyddesign
Gisle Tveito – «Thelma»
Gisle Tveito – «Utøya 22. juli»
Christian Schaanning – «Den 12. mann»

Beste kortfilm
«Myrhull» – regi Torfinn Iversen, produsent Julia Andersen for EdelZek
«No Man is an Island» – regi og produsent Ali Parandian for Anicca Pictures
«Odd er et egg» – regi og produsent Kristin Ulseth for Qvisten Animation AS

Beste dokumentarfilm
«Per Fugelli: Siste resept» – regi Erik Poppe, produsenter Finn Gjerdrum og Stein B. Kvae for Paradox
«Røverdatter» – regi Sofia Haugan, produsent Carsten Aanonsen for Indie Film
«Bjarne vil ikke på film» – regi og produsent Weronica Nitsch

Beste utanlandske kinofilm
«Three Billboards Outside Ebbing, Missouri» – regi Martin McDonagh, distributør Twentieth Century Fox Norway
«The Shape of Water» – regi Guillermo del Toro, distributør Twentieth Century Fox Norway
«Call Me By Your Name» – regi Luca Guadagnino, distributør United International Pictures
«The Florida Project» – regi Sean Baker, distributør Norsk Film Distribusjon
«Loving Vincent» – regi Dorota Kobiela og Hugh Welchman, distributør Selmer Media