Skeiv Ungdom-leiar Marthe Øvrum gir deg fem grunnar til å gå i Pride-paraden.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Heile bybiletet blir snudd under Pride. Det er nesten sånn at eg lurer på kor alle skeivingane kjem frå, du ser aldri så mange homofile par som leier kvarandre til vanleg, smiler Marthe Øvrum.

2. juni troppa 24-åringen på som ny leiar i Skeiv Ungdom etter Pernille Sivertsen, berre tre veker før Pride-balubaen var i gang for fullt i Oslo. Når me møter henne i ungdomsteltet på Pride Park i Spikersuppa, fortel Øvrum at ho har kjent på ærefrykt for å gå inn i rolla som leiar i det ho kallar «ein organisasjon som er større enn seg sjølv».

– Me betyr så mykje for mange, også mange fleire enn berre dei som er medlemar, seier ho.

Fleire måtar å leva gode liv på

Det neste året skal Øvrum jobba for fullt med skeive saker, som ho meiner handlar om langt fleire enn dei som sjølve definerer seg innanfor LHBT-spekteret.

– Det handlar om at det finst mange måtar å vere mann på, mange måtar å vere kvinne på, og mange måtar å vere menneske på uavhengig av kjønn. Å vise at det finst fleire måtar å leve gode liv på er ein verdi i seg sjølv, også for dei som er streite, seier ho.

I Pride-paraden på laurdag går ho og resten av Skeiv Ungdom under parolen «Mangfoldet er uknuselig».

– Det betyr mangfaldet blant oss finst; det blir ikkje borte, og det er viktig å ivareta det i møte med dei kreftene som vil stoppe oss, seier Øvrum, og viser mellom anna til den planlagde nazimarsjen i Fredrikstad som til slutt blei avlyst av politiet.

Kan ikkje stoppa opp

Grupperinga som kallar seg «Den nordiske motstandsbevegelsen» skulle marsjere under parolen «Knus homolobbyen».

For den skeive rørsla har det vore ei påminning om at motkreftene ikkje er borte, sjølv om partia på Stortinget har blitt meir og meir samde om homofile sine rettar.

– Eg trur ikkje rettigheitskamp er sånn at du kjem til eit punkt, og så er du i mål. Me kan ikkje ta det me har for gitt. Fridomen til å leva sitt eige liv kom ikkje av seg sjølv, og me kan ikkje stoppa opp, seier Skeiv Ungdom-leiaren.

Her er hennar fem grunnar til å gå i Pride-paraden:

1: For å hylle dei som har gått føre

– Det er verdt å hylle dei som har stått på barrikadane og brutt normer som gjeld kjønn og seksualitet.

2: For å feire kor langt me har kome

– Lov om endring av juridisk kjønn har kome på plass det siste året. Felles ekteskapslov betyr mykje for mange, sjølv om det ikkje løyser alle problem. Og berre det at me bur i eit land der eg verken er sjuk eller kriminell fordi eg er saman med dama mi. Det er lett å gløyme, men det er ikkje så lenge sidan det blei ein realitet.

3: Fordi det framleis finst mykje å kjempe for

– Betre seksualundervisning, betre helsetilbod for transpersonar, opning for eit tredje juridisk kjønn…

4: Solidaritet med dei som ikkje kan gå

– Mange tenkjer at solidaritet handlar om internasjonal forhold, og det gjer det, men det gjeld også nasjonalt. Der har kampanjen til FRI, «Gå for meg», vore veldig god.

5: For å synleggjera oss

– Me finst! Nokon synest det blir litt vel mykje synlegheit rundt homofili når det er Pride, det skjer kvart år. Men det er framleis sånn at det som blir lagt fram av samfunnet som idealet er det heterofile, monogame forholdet. Å vise at det finst mange måtar å leve gode liv på, er veldig viktig.