Eg kjem til å gå i Pride-parade kvart år til alle har moglegheita til å gjere det same

Maria Bonita Igland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Fleire stader i landet har det fargerike glitteret lagt seg som eit jamt lag på bakken etter markeringa av den skeive rørsla si stolte Pride-tradisjon. I byar som Bergen og Oslo har fargerike flagg blitt veiva under solsteiken, samstundes som gater har vore fylte opp med stoltheit og kjærleik. Etter sumaren køyrer Pride-paraden vidare til Trondheim, der gater også skal fyllast opp med glede og glitter.

Maria Bonita Igland (18) er landsstyrerepresentant for Hordaland Sosialistisk Ungdom og sit i SUs feministiske utval. Foto: Privat.

Trass i at fleire av oss har sett bilete frå desse paradane, og kanskje også vore blant dei som har slept håret og gleda laus, har ikkje årets parade vore trygg for Noregs skeive mangfald. I Dagsavisen kjem det fram at fleire vert melde for hatkriminalitet etter Pride. Susanne Øvergaard fortalde korleis ho og andre skeive vart trakasserte av tre menn på gata, og korleis ein av desse mennene attpåtil trua ho med valdtekt. Øvergaard si historie er ikkje den einaste som sender ubehagelege vibbar. Ahmed Umar blei slått ned på veg heim frå paraden av ein gjeng med gutar, samstundes som Haydar Mahdi og ein venn fekk ei kaffikanne kasta mot seg.

Pride har røter heilt tilbake til 60-talet i USA, ei tid då mange skeive budde på gata og selde sex for å hanka inn pengar til å leve av. Det er den stoltaste arven etter dei fyrste skeive aktivistane som sto på barrikadene for ei fargerik og open verd. Heile Pride, alt frå sølvglitteret som seglar gjennom lufta til parolane som flagrar i vinden er bygd på ei tru om fridom og stoltheit for alle dei som fell utanfor samfunnets hetero- og cismodell.

Vald mot skeive er eit internasjonalt og strukturelt problem.

Vald mot skeive er eit internasjonalt og strukturelt problem. I over 70 land i verda er det ulovleg å vere homo, og i Saudi-Arabia er det meir akseptabelt å steine eit mennesket ihel enn å elske nokon av same kjønn. I 2016 vart blei over 50 menneska drepne på Orlando inne på ein skeiv nattklubb. I Tsjetsjenia vert homofile forfølgde og torturerte av styresmaktene i republikken, og i Noreg har nynazistar marsjert med banneret «Knus homolobbyen». Det å gå i Pride-tog og markere grenselaus fridom og kjærleik har aldri vore gratis, og sjølv i Noreg er det nokon som betalar dyrt for det. Dette skal me aldri gløyme.

I år har eg vore så heldig at eg har vore med på to Pride-arrangement. Eg har hatt moglegheita til å gå i tog, sitje i debatt om kjønn og gått heim om kvelden med både trans- og regnbueflagg. Ikkje alle har hatt så mykje hell, og nettopp difor kjem eg til å gå i parade kvart år til alle har moglegheita til å gjere det same. Eg kjem til å veive med flagg, glede meg til neste Pride som om det er julaftan og vere med på å gjere Noregs byar fargerike, fordi Pride framleis ikkje er trygt for alle skeive. Eg kjem til å gå i tog for dei som blir utsette for vald, både i Noreg og i heile verda. Eg kjem til å gå i Pride fordi ingen er frie før alle er det.