Det er brei semje om at kjøttforbruket i Norge bør senkast av klimaomsyn. Er kjøttskatt og klimamerking av matvarer vegen å gå?

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomspartia til regjeringa rykande ueinige om kjøttskatt

Sidan 1950-talet er kjøttforbruket omlag dobla i Norge. Helsemyndigheiter og klimaforskarar er samde om at forbruket bør reduserast. I alle fall dersom me skal nå måla i Parisavtalen.

I Norge utgjer utslepp frå husdyrhald og kjøttproduksjon omlag 8,5 prosent av dei totale utsleppa. Miljøpartia MDG, SV og til dels Venstre peikar alle på dette i sine Stortingsvalprogram, og tar til orde for redusert kjøttforbruk.

Korleis det skal skje er meir uklart.

Alle dei tre regjeringspartia vil endra omsetningslova, slik at staten ikkje indirekte finansierer kjøttreklame gjennom Opplysningskontoret for egg og kjøtt. Men lite har skjedd.

Framtida.no har spurt ungdomspartia til regjeringspartia FrP og Venstre, samt ein forskar på emnet, om kva dei meiner om klimamerking av matvarer og innføring av kjøttskatt.

– Ein må auke momsen på kjøtt til 25 prosent

– Unge Venstre meiner at ein må auke momsen på kjøtt til 25 prosent, seier Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark.

Ungdomspartileiaren viser til at dagens reduserte moms er ei form for subsidiering av kjøtt. Men også i landbruket bør ein betale for utsleppa sine, meiner han.

Sondre Hansmark

Leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark. Foto: Unge Venstre

– Det blir sleppt ut veldig mykje klimagassar i kjøttindustrien. Landbruket bidrar til utslepp på lik linje med alle andre næringar og må vere med og betale for utsleppa sine.

Ungdomspartiet har ikkje tatt stilling til om ein bør innføra klimamerking av matvarer, men meiner det er ein spennande tanke.

– I tillegg vil vi vurdere avgift på importert kjøtt. Storfekjøtt frå Argentina er ofte like klimafiendtleg som norskproduserte varer, seier Hansmark.

I 2014 sette regjeringa ned utvalet Grønn skattekommisjon. Dei føreslo innføring av ein skatt på raudt kjøtt, og å redusera produksjonsstøtta til raudt kjøtt. Slik skulle ein redusera klimagassutsleppa.

– Venstre og regjeringa bør dessutan følga opp tilrådingane frå Grønn skattekommisjon, oppmodar Unge Venstre-leiaren.

– Hårreisande å skulle innføre skatt på kjøtt

Ikkje alle er like begeistra for idéen. Formann i Framstegspartiets Ungdom Bjørn-Kristian Svendsrud meiner kjøtt er dyrt nok allereie.

– Det ville vore hårreisande å skulle innføre skatt på kjøtt. Momsen er høg nok som han er. Det vil gå ut over dei som har minst frå før av, seier FPU-leiaren.

Bjørn-Kristian Svendsrud er formann i FpU. Pressefoto.

Han er derimot tilhengar av betre informasjon til forbrukarane.

– Men vi er ikkje avvisande til klimamerking av mat. Det såg vi fungerte godt då Rema 1000 merka palmeolje. Forbrukarmakt kan fungere godt, og gir folk eit val.

Svendsrud har dessutan ikkje tru på at vesle Norge med fem millionar innbyggarar kan utgjera stort i den store samanhengen. Meir tru har han på internasjonalt klimasamarbeid.

– Kutt subsidiar av kraftfôr

Førsteamanuensis Karen Lykke Syse ved Senter for utvikling og miljø på UiO er einig i føremålet, men usamd i kva tiltak ein bør setta i verk.

– Eg trur klimamerking er fint, men synest ikkje direkte skattlegging av kjøtt er vegen å gå.

Karen Lykke Syse er førsteamanuensis hjå Senter for utvikling og miljø på UiO. Foto: UiO

Lykke Syse vil snarare kraftfôrimporten til livs. Norske produksjonsdyr blir i stor grad mata på importert soya.

Denne legg beslag på store landområde i Brasil. Praksisen blir kritisert av Regnskogfondet og andre miljøorganisasjonar.

– Derimot kan vi gjerne kutte subsidiar av kraftfôr. Det vil ha ein minst like stor effekt, ettersom kjøttprisen vil skyte i været og bøndene vil bli betre til å utnytte grovfôrressursane og beitemarkene, fortel ho.

Menneskemat til menneske

Lykke Syse leiar for tida ei forskingsgruppe innan temaet mat og berekraft.

– Men i eit reint klimaperspektiv er vel kraftfôr betre enn gras?

– Det er viktig å ha fleire tankar i hovudet på ein gong. Det er betre å bruke gras til å mate kyr og sauer, enn å bruke menneskemat (korn/soya/mais) til å mate beitedyr.

– Så blir utsleppa rett nok større per kilo kjøtt, men ein kan avgrense kor mange kilo ein et. Kjøttet vil dessutan bli langt dyrare og dyras livskvalitet blir langt høgare, avsluttar førsteamanuensisen.