Kva tyder namnet ditt?
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I samband med ei oppgåve om språkhistorie skreiv student Lysen stolt at etternamnet tydde at ein fjern forfar var son av Ly.
Det kan vere freistande å tru at alle etternamn på -sen tyder «son av», jf. Olsen, Hansen, som jo tyder son av Ole og son av Hans. Det trykklette son blei med tida redusert til sen.
- LES OGSÅ: Nynorskprosenten ned i NRK
Når ein jobbar med språkutvikling, må ein vere bevisst på at lydar og ord kan endre seg. Lange namn får gjerne færre stavingar med tida, t.d. Johannes, som kunne bli til Johan, Jon, Jan, Jens, Hannes, Hans, eller Margareta, som kunne bli til Margrete, Marit, Marte, Grete, Rita, berre for å nemne nokre variantar.
Dei første stadnamna
Då ein busette seg i Noreg, refererte ein gjerne til ulike stader ut ifrå naturen rundt, t.d. berg, dal, haug, elv, sjø. Dette var i praksis dei første stadnamna. Når ein så skulle vise til ein person som budde på den eller den staden, blei det gjerne til Egil på Berg eller Sigurd i Dal. Sidan ein hadde eit språk med kasus, brukte ein såkalla dativ i samband med staden, og ein fekk då stadnamn (og dermed etternamn) som vi i dag kjenner som Berge, Dale, Hauge.
Når det gjeld naturnamn, er det ikkje naturleg å setje på -son/-sen, sidan ein jo ikkje er son av eit berg eller ein dal. Dei såkalla sen-namna står helst etter eit førenamn. Så då eg såg student Lysen si tolking av etternamnet sitt, blei eg jo veldig skeptisk. Eg kunne ikkje komme på noko førenamn som likna på Ly. I beste fall kunne det vere ei redusert form av Lyder, jf. Lydersen. Men meir sannsynleg var det at namnet faktisk var mykje eldre, og at det ikkje viste til ein person i det heile.
- LES OGSÅ: Namnefeide om Noregs nasjonalfjell
Dersom ein deler opp namnet i lys + en, får ein plutseleg fleire andre moglege tolkingar. Lys er eit adjektiv vi kjenner igjen i moderne norsk, og endinga -en er t.d. ofte ein reduksjon av det gammalnorske ordet vin. Nokon har kanskje høyrt om Bjǫrgvin, som jo utvikla seg til Bergen.
Plutseleg er språk spennande
Dersom ein ikkje er språkvitar, finst det ei rekkje kjelder ein kan bruke for å finne ut av tydinga til etternamnet sitt. Sidan det ikkje er så mykje plass her, vil eg berre nemne «Norsk etternamnleksikon» (Det Norske Samlaget). Når det gjeld etternamnet Lysen frå Kongsvinger-området, finst det rett og slett ein innsjø der som er opphavet til dette namnet. Innsjøar blei ofte karakteriserte ut frå storleiken, t.d. Storsjøen, eller ut ifrå om dei var gode fiskevatn eller ikkje, eller også fargen, t.d. Svartvatnet. I dette tilfellet er det ein lys innsjø, og han blei kalla «den lyse», av norrønt ljóss.
Plutseleg er språk spennande, og etternamnet er knytt direkte til ein lokal stad med mange hundre år med historie i staden for til ein mystisk person «Ly», som aldri har eksistert. Språkhistorie bør ha sin plass i skolen!