Namnefeide om Noregs nasjonalfjell

Statens kartverk har gitt Noregs nasjonalfjell Stetind namnet Stáddá på samisk. Det er eit namn samar i området aldri har brukt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Verken slektningane mine eller naboar har brukt namnet Stáddá. Me bruker namnet Stetind, seier Lotte Henriksen til NRK.

Henriksen har saman med andre frå området no sendt eit brev til Kartverket der dei ber om at namnet blir fjerna. Dei meiner Stáddá høyrer til fjellmassivet Kopptinden som ligg aust for Stetind.

Namnet Stáddá har vore offisielt i bruk sidan byrjinga på 1990-talet, og det er først i år det har komme reaksjonar på det.

– Det kan naturlegvis ha skjedd ein feil i innsamlinga som blei gjort på 1990-talet, seier fylkeskartsjef Finn Ørnes til NRK

Kartverket vil no be den samiske stadnamnstenesta og Tysfjord kommune om å uttale seg om saka.

Stetind blei i 2002 kåra til Noregs nasjonalfjell av lyttarane av Reiseradioen på NRK. 

Samisk stadstøy
Stipendiat Inga Mikkelsen frå Tysfjord avfeiar på si side desse påstandane og fortel til NRK at både ho, hennar foreldre og hennar besteforeldre omtalar fjellet som Stáddá.

Ho trur fornorskinga er grunnen til at namnet ikkje er kjent og meiner det er viktig at begge namna vert vist på kartet.

– Eg blir litt lei meg når det framleis den dag i dag skal vere så mykje støy om dei samiske namna, og forstår ikkje kvifor dei samiske stadnamna skremmar folk, seier Mikkelsen, som sjølv pratar lulesamisk.