Nynorskprosenten ned i NRK
Nynorskprosenten i NRK var i fjor 22 prosent samla for heile verksemda. Han har gått ned to prosentpoeng sidan 2015. Målet er framleis 25 prosent på alle plattformer.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Den mest effektive måten å gjere noko med den på er å tilsette fleire nynorskbrukarar, seier fungerande språksjef Ingvild Bryn på nettsida til Nynorsk mediesenter.
– Det er mange omsyn å ta ved tilsetjingar, men for å unngå refs frå Medietilsynet også neste år, er det viktig at også nynorsk er ein kvalifikasjon sjefane legg vekt på, seier Bryn.
Ho fortel at nynorsk i NRK er tema på alle språkstyremøte i NRK. På møtet no i mars, vart det vedteke at styreleiar og språksjef skal ta nye rundar for å forankre handlingsplanen for nynorsk i NRK.
– Vi har ein jobb å gjere for å få planen godt kjend i alle redaksjonar, men det er dei redaksjonelle leiarane som har ansvar for å få gjennomført tiltak.

Kjelde: NRK Nynorsk Mediesenter