Sjukepleiarar i tidsnød deler ut roande middel

Ein av tre sjukepleiarar opplyser å ha delt ut roande eller angstdempande piller minst éin gong i månaden på grunn av tidsnød, viser ei undersøking

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den same undersøkinga, utført av fagbladet Sykepleien, viser at éin av fire sjukepleiarar synest det blir brukt for mykje angst- og sovemedisinar.

– Når dette problemet har eit slikt omfang, viser det at dette ikkje først og fremst handlar om den enkelte sjukepleiar. Det handlar om at tenestene må ha rett kompetanse og tilstrekkeleg bemanning, seier forbundsleiar Eli Gunhild By i Norsk Sykepleierforbund (NSF), ifølgje Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Fare for å bli avhengig

Mange av dei aktuelle medikamenta skal i utgangspunktet brukast i så små dosar som mogleg og i så kort tid som mogleg, for å unngå at pasientane utviklar toleranse eller avhengnad. Likevel svarar så mange som 86 prosent – seks av sju – at dei ofte eller nokre gonger har delt ut denne typen medisinar over lengre tid.

Illustrasjonsfoto: Jamie / Flickr CCBY

Petter Brelin, som leier Norsk foreining for allmennmedisin, seier bruken av vanedannande angst- og sovemedisinar er urovekkjande høg. Samtidig skjønnar han at sjukepleiarar deler ut slike medisinar når tidspresset er stort.

– Det er ugreitt og uheldig. Men eg har stor forståing for sjukepleiarane som står i det og tar den avgjerda når det brenn alle stader og dei ikkje har tid til alt. Det er ikkje sikkert at sjukepleiarane opplever at dei har så mykje val, seier Brelin til tidsskriftet.

Undersøkinga vart sendt ut til 6.000 sjukepleiarar i desember 2017. Over 1.000 svarte.