Samordna opptak: Flest søkjarar til helseutdanningar

Universiteta og høgskulane har hatt 150 856 søkjarar, med helsefag som det klart størst utdanningsområdet.

NPK-NTB
Publisert

Over 36 000 har sett helsefag på topp. Det er ein oppgang på om lag tusen søkjarar frå i fjor, då var også helsefag på topp, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Det er nesten 9000 fleire personar som har søkt høgare utdanning i år, samanlikna med i fjor. Aldri før har det vore så mange studieplassar tilgjengeleg.

– Det er særleg bra at søkinga til sjukepleiar- og lærarutdanningane er stabilt høg, at vi har snudd fleire års nedgang i søkinga til barnehagelærarutdanningane og at det er god søking til viktige teknologiutdanningar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Trenden snudd for lærarutdanningar

I fjor var det lågaste talet på søkjarar til barnehagelærar på over ti år. I år er det ein oppgang på 2,65 prosent.

For grunnskulelærarutdanningane er talet omtrent likt som i fjor, medan lektorutdanninga i år har auka med over 10 prosent, etter sju år med nedgang.

– Regjeringa har teke fleire grep for å gjere ei god lærarutdanning betre, og vi har gjort mykje for å betre arbeidskvardagen til lærarane i klasserommet. Det trur eg motiverer fleire unge til å søkje seg til lærarutdanningane, seier Aasland.

Sjukepleiarutdanningane har stabilisert seg

Derimot var det kraftig auke i søkinga til sjukepleiarutdanningane. I år har søkinga gått noko ned, men er framleis på eit høgt nivå med nesten 13 000 søkjarar til sjukepleiarutdanningane – langt over søkinga i både 2022, 2023 og 2024.

– Vi forventa at søkinga ville gå litt ned i år, etter den kraftige veksten i fjor. Eg er veldig glad for at mange søkjer seg til eit svært viktig yrke, og at søkinga ser ut til å ha stabilisert seg på eit høgt nivå, seier Aasland.

Det var direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse som presenterte tala torsdag. Han opplyser at pedagogiske fag, som ikkje er lærarutdanningar, hadde størst vekst i år med 49 prosent. Det er informasjonsteknologi og estetiske fag som går mest ned.