Ungdomspartia vil ha meir til førebyggjande helsetiltak

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomspartia kjem med si oppfordring saman med Norsk Friluftsliv same dag som regjeringa held budsjettkonferanse, og begynner på arbeidet med neste års statsbudsjett, skriv Dagsavisen.

Paradoks at det rikaste landet har den sjukaste befolkninga

– Det er eit paradoks at det rikaste og lykkelegaste landet i verda også har den sjukaste befolkninga. Sjølv om det kan koste noko pengar å få til meir fysisk aktivitet, vil det vere billigare enn å måtte fikse på ein rygg eller gjennomføre ein fedmeoperasjon i vaksen alder. Førebygging er billigare enn behandling, seier FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud.

Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark seier det er viktig å sjå på tiltak som kan føre til ein friskare befolkning som kan stå lenger i arbeid.

Vri ressursar frå reparasjon til førebygging

– Det kan skje på mange måtar ved å vri litt ressursar frå reparasjon til førebygging. Eit betre lågterskeltilbod innan psykisk helse, kan vere eitt tiltak. Det bør også lønne seg å ete sunn mat som frukt og grønt, i staden for usunn mat som kjøtt.

Ifølgje generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv har Vista Analyse anslått at førebyggjande innsats kan gi 80 milliardar kroner i samfunnsøkonomisk gevinst. I 2016 var dei norske helseutgiftene på 325,6 milliardar.