Elevar på yrkesfag skal få meir spesialisering

Regjeringa vil gi elevar på yrkesfag meir spesialisering frå første skuleår, men omlegginga av yrkesfaga blir kritisert av Utdanningsforbundet som gammaldags.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Endringane vil gjere elevane meir attraktive for arbeidslivet, meiner kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H)

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H). Foto: Ole Gunnar Onsøien / NTB scanpix / NPK

– Den omlegginga vi no gjennomfører, kjem til å bidra til at fleire fullfører, det blir sterkare motivasjon og meir fordjuping, seier Sanner til NRK.

Omlegginga blir den største endringa i yrkesfagutdanninga sidan Kunnskapsløftet i 2006. Regjeringa vil utvide talet på utdanningsprogram frå åtte til ti, for å samle elevar som har meir fagleg innhald til felles. Utdanningsprogramma Design og handverk og Service og samferdsel vil bli erstatta av fire nye utdanningsprogram, og det faglege innhaldet vil bli vidareført i desse programma.

No skal IKT, tradisjonshandverk, frisør og sal løftast fram i kvar sine utdanningsprogram for å tilpasse desse betre til kompetansebehova i arbeidslivet.

Utdanningsforbundet reagerer

Utdanningsforbundet påpeikar derimot at dagens elevar skal inn i yrke som er i stor endring, og Utdanningsforbundets leiar er skeptisk til fokuset på spesialisering.

Steffen Handal er leiar i Utdanningsforbundet.

– Regjeringas omlegging verkar å vere gammaldags, seier leiaren av Utdanningsforbundet, Steffen Handal, til NRK. Han peiker på at allmennkunnskap også er viktig.

Sanner avviser kritikken frå Handal.

– Vi har også gjennomført endringar som gjer at dei som tar yrkesfag, får fleire moglegheiter, som for eksempel påbygg og moglegheiter til å ta høgare utdanning. Så fagutdanning er ei utdanningsveg for framtida, seier han.

Kraftig vekst

Dei siste fem åra har talet på lærlingar i offentleg sektor auka kraftig. I 2017 vart det sett ny rekord i talet på læreplassar, 20.800, ein auke på 15 prosent sidan 2013. Kommunal sektor har fått 32 prosent fleire lærlingar, statleg sektor har ein auke på 25 prosent.

Veksten er så absolutt nødvendig. Ifølgje SSB kjem Noreg til å mangle over 90.000 fagarbeidarar i 2035. Med spesialisering allereie frå første år i vidaregåande, kjem fleire elevar til å få lærlingplass, meiner Sanner.

Ønske frå næringslivet

Tilbakemeldinga frå næringslivet er at elevar ikkje får nok kunnskap i faget før dei blir lærlingar, ifølgje Kunnskapsdepartementet. Det første året brukar elevane for mykje tid på fag dei ikkje treng, fordi elevar med svært ulike yrkesfag tar dei same faga. For eksempel må elevar som skal bli frisørar, ha same opplæring etter dei same læreplanane som dei som skal bli båtbyggjarar.

– Vi kjem arbeid og næringslivet i møte. Og det betyr at fleire av dei som tar yrkesfag, også vil kunne få lærlingplass og jobb, seier statsråden.

Regjeringa vil fase ut lærefag som nesten ikkje har hatt lærlingar dei seinare åra: storurmakarfaget, industrisaumfaget, idrettsanleggsfaget, støyperifaget, garverifaget, industriell skotøyproduksjon og pianostemmarfaget. (©NPK)

Fakta om ny struktur for yrkesfag 2020

* Regjeringa vil utvide talet på utdanningsprogram innan yrkesfag frå åtte til ti.

* Utdanningsprogramma er: Bygg- og anleggsteknikk, elektro, helse- og oppvekstfag, naturbruk, restaurant og matfag, teknikk og industriell produksjon, design og tradisjonshandverk, IKT og medieproduksjon, sal, service og reiseliv og frisør, blomster og interiørdesign.

* Fleire elevar skal få spesialisering frå første året. Fleire programområde vil bli delt i andreåret for å gi meir spesialisering.

* Annankvar elev som begynner på vidaregåande skule, tar yrkesfag. Det utgjer cirka 30.000 elevar kvar haust.