Rekordmange søker yrkesfag

Det har aldri vore målt høgare andel søkarar til yrkesfag. Nesten alle fylke har over 50 prosent søkarar til yrkesfagleg utdanning.

NPK-NTB
Publisert

Heile 55 prosent av søkjarane til vidaregåande opplæring til skuleåret 2026–27 har yrkesfag som førsteønske.

Søkjartala for vidaregåande opplæring vart lagt fram av Utdanningsdirektoratet tysdag morgon, og for tredje året på rad aukar talet på personar som søkjer seg til yrkesfag.

Helse- og oppvekstfag er det yrkesfaglege utdanningsprogrammet som flest har som førsteønske på vg1; 13 prosent av alle søkarane til vg1 har dette som førsteønske.

Rundt ein tredel av søkjarane til første året på vidaregåande har søkt studiespesialisering, som framleis er det største utdanningsprogrammet.

Det yrkesfaglege programmet som aukar mest frå i fjor er elektro og datateknologi.

Med unntak av Akershus og Oslo har alle fylka over 50 prosent søkarar til yrkesfag.