Dronningane av Taiwan

Foreldra til Fei Fan veit han sminker seg, kler seg i kjolar og opptrer i drag. Men dei veit ikkje at han er homo.

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 21.03.2018 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Femte etasje! seier Fei Fan, og det summar i ytterdøra då han slepp oss inn. Fei møter oss ikledd ein lang, sort bomullskjole og tar oss direkte med til badet kor sminka står framme, klar til bruk. Fei skal forberede seg til kveldens WERK-fest, ein månadleg fest «som godtar alle kjønn og legningar», forklarar han. Og Fei skal på scena og framføre fleire drag-nummer.

Fei Fan er sjenert og ler roleg mellom setningane. Han bur åleine i ein hybel i Taipei, og tener til livets opphald ved å leie ut nabohybelen på Air BNB.

– Den tilhøyrar eigentleg foreldra mine, men det er eg som driv den, fortel Fei.

I helgane pleier han å gå på fest og opptre på Taipeis scener, kledd som ei kvinne.

Drag i Taipei

Dragscenen i Taipei er relativt liten. Då Fei først blei introdusert til konseptet, var det berre tre aktive dragstjerner i byen.

– Eg pleier å kalle dei for big mamas. Dei er litt eldre enn meg og har hjelpt meg veldig mykje, seier Fei. I dag er det rundt ti drags i Taipei, og fleire av dei er såkalla expats, utlendingar som bur og jobbar i byen.

Fei framfører landeplaga «Friday» av Rebecca Black, til stor begeistring frå publikum (Foto: Amanda O. Berg)

Fei framfører landeplaga «Friday» av Rebecca Black, til stor begeistring frå publikum (Foto: Amanda O. Berg)

Å gjere drag betyr å kle seg opp i klede som det motsette kjønn vanlegvis brukar. Er du mann, blir du drag-queen. Er du kvinne, blir du drag-king. Drag kan også vere scenekunst, der ein queen eller king dansar og mimar til ein song framføre eit publikum.

Heilt sidan Fei var liten, har han likt å opptre. Mora var dansarinne, og sjølv ville han bli skodespelar. Men for lågt karaktersnitt hindra han i å følgje den draumen, og han enda opp med å studere scenedesign i staden. Derifrå fant han vegen til drag.

– Når du jobbar med eit teaterstykke kan du berre gjere det regissøren seier. Til sjuande og sist er det han eller ho som bestemmer alt, og det er ikkje rom for å vere kreativ sjølv. Det er difor eg likar drag så godt. Eg kan bestemme musikken, koreografien, sminka, klede, og korleis eg skal kommunisere med publikum heilt sjølv.

Fei og foreldra

Fei sine foreldre er fullt klar over at sonen opptrer på scener som ei kvinne.

– Dei ser på det som eit kostyme, som ei sceneunderhalding. Dei har i alle fall ingenting i mot når dei veit eg tener pengar på det, fortel Fei.

Fei er også homofil, men det støttar ikkje foreldra like fullt. Første gong han fortalte mora om legningen sin var over telefon, like før han skulle flytte til Australia.

– Då eg fortalte ho eg var homo, var ho stille eit augeblikk før ho svarte, «Vel, ikkje la den type tankar avgrense deg, du veit aldri kva som kan skje i framtida.»

– Eg trur ho roar seg sjølv med det. Ho har sikkert lest ein plass at kjønn og seksualitet er flytande, så ho tenkjer kanskje at eg kan endre meg ein dag. Og det respekterer eg. Eg er berre glad for at ho ikkje byrja å gråte, eller slo meg.

Fei og mora blei einige om å ikkje fortele faren om legninga hans. Faren var tidlegare general og har vore over 35 år i militæret.

– Han har hatt det travelt og vore under stort press. Men nå har han gått av med pensjon. Han speler mykje golf og er med systera mi sine barn. Han er nøgd, og det skal eg ikkje øydelegge for han.

– Men eg skjuler ikkje legninga heller akkurat. Eg er jo skikkeleg gay. Eg er sikker på at han må ha lagt merke til noko.

Beste plassen i Asia å vere homo

Homokulturen har gradvis blitt akseptert blant den taiwanske befolkninga. Det er ingen straff for å delta i homomiljøet eller leve ut sin legning. Men homofile har heller ikkje noko vern i loven og dei får ikkje gifte seg. Sjølv om dei ikkje har blitt fornekta, har dei heller aldri vore anerkjent. Det er som om myndigheitene bevisst har snudd eit blindt auge mot dei. Fram til no.

Taiwan er rekna som ein av Asias beste stader å vere homofil. Dei har eit stort homomiljø og arrangerer den største Pride-paraden i Asia. Pride har sidan 2003 vore arrangert årleg i Taipei. Sidan då har aktivistar også prøvd å få gjennom ein lov som tillèt likekjønna ekteskap, men år etter år har dei blitt avvist av konservative i det lenge regjerande partiet Kuomintang (KMT).

 Verda er på veg til å gå under, og vi mobbar framleis kvarandre

Men i 2016 vant det progressive partiet det Demokratiske Framstegspartiet (DPP) valet. Og i mai i fjor bestemte den taiwanske høgsterett at å nekte homofile par å gifte seg brøyt med grunnlova. Dommarane ga parlamentet to år til å endre eller vedta ein ny lov som skal sikre likekjønna par moglegheita til å gifte seg.

– Kravet inneberer at sjølv om dei folkevalde ikkje lager ein ny lov innan dei neste to åra, skal homofile par framleis kunne gifte seg i 2019, sa Yu Mei-nu, medlem i Taiwans lovgivande forsamling, til CNN. Med mindre andre land kjem i forkjøpet, vil Taiwan bli først ute til å legalisere homofilt ekteskap i Asia.

Ikkje berre ein dans på roser

Til trass for at Taiwan blir rekna som homo-venleg, er det framleis mange som slit med identiteten sin, fortel Fei. Konservative rørsler protesterer framleis mot homofili, leia av organisasjonen The Happy Family Protection Action Alliance, som meiner at homofili øydelegg kjernefamilien. Under ein demonstrasjon i 2016 gjekk motstandarane av likekjønna ekteskap under parolen «Ekteskap og familie skal bli bestemt av heile befolkninga».

Grasiøse drag-queens på C.U.M Party. I midten står Fei, petit og meir klovnaktig samanlikna med dei andre. Han er sjuk, og for å sleppe å sminke seg har han tatt på ei maske med motiv frå Peking Opera. Då fotografen spurte om det var greit å bruke bilete, ropte Fei tilbake «I don’t care!» og forsvann inn i folkemengden (Foto: Amanda O. Berg)

Fei kjenner godt til denne motstanden. Han jobbar frivillig i Taiwan Tongzhi Hotline Association, ein organisasjon som driv med informasjonsarbeid og tilbyr hjelpetelefon for homofile. Saman med organisasjonen pleier Fei å besøke skuleklassar for å snakke om LHBTQ-rettigheiter og for å fortelje sin historie. Men på grunn av den stadig aukande motstanden, får dei færre og færre invitasjonar.

– Dei to siste åra har vi hatt over 500 skulebesøk. Men i 2017 fekk vi berre til 221. Vi opplever at fleire og fleire rektorar ikkje vil invitere oss på grunn av foreldre som ikkje vil at barna skal høyre på oss.

Kan ikkje love reell likestilling

Då vi spurte Fei om han hadde trua på den nye ekteskapslova, sette han seg tilbake i stolen og blei stille. Lenge. Til slutt trakk han pusten.

– Viss dei lager ein lov, trur eg ikkje den blir laga på ein god måte. Det er allereie blitt laga fleire lovforslag av ulike organisasjonar, som foreslår å berre gjere den noverande lova kjønnsnøytral. Men eg trur at myndigheitene heller kjem til å lage ein heilt ny lov. På den måten separerer dei ei gruppe menneske frå ein lov vi allereie har. Kva er poenget med det? Det er jo ikkje som om vi får ein betre lov enn dei andre. Det er latterleg.

–Korleis trur du framtida til LHBTQ på Taiwan er?

– Åh, Gud, fnyser han. – Verda er på veg til å gå under, og vi mobbar framleis kvarandre. Kampen er ikkje over. Eg trur nok vi må vente i minst 20 år til før vi kan gifte oss.

Sjølv når lova trer i kraft, meiner Brian Hioe i det taiwanske nettmagasinet New Bloom at det nødvendigvis ikkje vil skape reell likestilling for homofile. Homofile kan framleis bli nekta andre rettigheiter som heterofile har, som til dømes retten til å adoptere, ta medisinske avgjerder på vegne av partnar eller arve eigedom. Hioe meiner også at å legalisere likekjønna ekteskap er ein politisk strategi frå Taiwan si side.

– Det er mogleg at folkevalde i DPP vil at Taiwan skal få internasjonal anerkjenning for å vere først ute i Asia til å legalisere homo-ekteskap, for å på den måten skape eit tydelegare skilje mellom Taiwan og Kina, skriv han.

– Før eg møtte Fei, gjorde eg berre drag på soverommet mitt. Eg torde ikkje gå ut. Fei tok meg til eit nytt nivå, han oppmuntra meg til å vere modig, til å vere meg sjølv, fortel Awesome Bitch (Foto: Amanda O. Berg)

– Før eg møtte Fei, gjorde eg berre drag på soverommet mitt. Eg torde ikkje gå ut. Fei tok meg til eit nytt nivå, han oppmuntra meg til å vere modig, til å vere meg sjølv, fortel Awesome Bitch (Foto: Amanda O. Berg)

Ute på WERK

Fei seier lite mens han legg på sminka. Sakte men sikkert går hans ytre frå å vere mann til kvinne.

– Eg går for ein uskyldig look i kveld, forklarer han. Og eit par timar seinare står han på WERK-scena i ført lyseblå kjole og parykk og mimar til Rebecca Blacks «Friday».

Etterpå står vi og pratar med Fei og nokon av venene hans. Ein av dei er 22 år gamle Christopher Wu, som er ikledd grøne militærbukser og ein skitent-blond parykk. Når Chris er i drag går han under namnet Awesome Bitch.

– I vekedagane er eg i militæret, så det her er eigentleg delar av uniforma min, fortel ho. Seinare inviterer ho oss med til neste helgs fest, eit månadleg arrangement kalla C.U.M Party.

– Dei advarte meg mot å bli homo

Laurdagen etter sit vi rundt middagsbordet heime hjå Chris, saman med både besteforeldra, foreldra, broren og nevøane hans. Chris’ foreldre veit om både legningen og hobbyen hans, og stemora er hans største fan. Men besteforeldra er uvitande.

– Ein gong advarte dei meg mot å bli homo. «Du kan bli kva du vil, berre ikkje bli homo. Eg ber deg,» sa bestefar. Det gjer meg trist. Så eg har bestemt meg for å ikkje kome heilt ut før etter dei er borte. Eg vil ikkje såre dei.

– Men dei veit at det er noko som er på gang, dei veit berre ikkje kva. Når eg blir gamal skal eg vere open, og ikkje slik som dei er. Det er definitivt eit generasjonsgap der.

Så når Awesome Bitch skal ut på byen i helgane, venter han til besteforeldra har lagt seg. Så pakkar han med seg ein kniv.

– Ein kveld då eg gjekk ute, ropte nokon «misfoster!» etter meg. Eg gjekk og bar på ein pisk den kvelden, så eg snudde meg og ropte tilbake; «tørr du verkeleg å snakke slik til ei to meter høg jente med pisk?!» Sidan den gongen har eg alltid teke med ein kniv når eg går ut i drag. Som forsvar. Ikkje fordi det er utrygt eigentleg, men eg er uroleg likevel. Det er framleis folk som ikkje aksepterer oss

Innan ein time har Christopher sitt ansikt blitt forvandla til Awesome Bitch. Ho har isblåe, nesten kvite auge, og leppene er malt med ein mørkeblå farge.

– Chris er sjenert, medan Awesome Bitch er meir utadvent og bryr seg mindre om andre. Eg føler meg mest komfortabel som Awesome Bitch, det er på ein måte mitt sanne eg. Chris har fordeler òg, så eg liker å vere begge.

Før vi hopper i ein taxi for å kome oss til C.U.M Party, tar Awesome Bitch oss med til nattmarknaden likeved for å kjøpe fritert kylling. Medan ansiktet framleis er Awesome Bitch, har han skifta til Chris’ sine klede. Og han er nervøs.

– Eg har faktisk aldri gått ut slik før, seier han på veg ut. Brått slår han ut med armane og byrjar og spankulere bortover gata.

– Men kven bryr seg? Eg er jo fantastisk!

På veg ned til hjørnet for å kjøpe fritert kylling før festen startar, frys Chris til og omfamnar seg sjølv. Han kviskrar «fuck, fuck, fuck» under pusten - han har aldri gått ute i nabolaget halvvegs i drag før. (Foto: Amanda O. Berg)

På veg ned til hjørnet for å kjøpe fritert kylling før festen startar, frys Chris til og omfamnar seg sjølv. Han kviskrar «fuck, fuck, fuck» under pusten – han har aldri gått ute i nabolaget halvvegs i drag før. (Foto: Amanda O. Berg)

Det er som om Chris og Awesome Bitch slåst om plassen. Og jo nærmare marknaden vi kjem, jo meir plass får Chris. Han omfamnar seg sjølv og kviskrar gjentakande «fuck, fuck, fuck». Fleire snur seg etter han medan vi går gjennom folkemengda. Nokon må til og med sjå to gonger. Ei eldre kvinne viser han tommel opp.

– Har du gjort sminka di sjølv? spør ho, og Chris nikkar.

– Lihai! smilar ho. Passande nok betyr lihai ‘awesome’ på mandarin. 

Draumelivet

Framme på C.U.M Party er Chris sine klede bytta ut med ein fotsid paljettkjole og ein elegant parykk. Awesome Bitch har teke over. Blant det danseglade oppmøtet, treffer vi også Fei.

Fei og Awesome Bitch beveger seg rundt på området, snakkar med andre og poserer framføre fleire kamera. Av og til saman, av og til åleine. I blant kjem andre festgjengarar bort for å ta ein selfie saman med dei.

Til trass for at familiemedlemmar ikkje aksepterer den dei er, til trass for at Awesome Bitch føler ho må ha med seg kniv når ho går ut, og til trass for at dei blir mobba, held dei fram med å gjere si eige greie. Og på plassar som WERK og C.U.M Party blir dei hylla. Lever dei ut draumen?

– Eg veit ikkje, svarer Fei.

– Draumen min er ikkje å bli kjend eller noko sånn. Eigentleg vil eg berre gifte meg, slik som systera mi. Eg ønskjer meg ein mann som kan støtte meg og min mentale helse. Og så vil eg opne min eigen homsebar, betale lik løn til alle og ikkje oppføre meg som ein dritsekk av ein sjef. Eg har korkje bar eller ektemann, så … eg antar eg ikkje lev ut draumen min.

Sjå fleire bilete i karusellen øvst i saka!

Denne saka er ein del av prosjektet «Jordbær-republikken Taiwan», utført i samarbeid med Universitas med støtte frå Fritt Ord. Les fleire saker frå prosjektet her.