Kvinne, len deg inn!

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 28.02.2018 13:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Då eg var liten, spurte ein eldre slektning kva eg ville bli når eg blei stor. Då eg sa eg ville blir lege, sa ho at eg ikkje trengte å jobbe så hardt. Eg kunne jo berre gifte meg med ein lege, fortel Jane Lu (27).

Jane blei ikkje lege. I staden tok ho ein bachelorgrad i finans ved Taiwans Nasjonale Universitet. Under heile utdanninga blei ho fortalt at ho hadde like moglegheiter som menn. Ho kunne bli akkurat det ho ville.

Men det var ikkje realiteten ho blei møtt med då ho begynte i jobb etter studiane.

– Ingen veit korleis dei skal handtere seksuell trakassering

– Sjølv om MeToo-kampanjen ikkje har fått stor plass i taiwansk media, betyr ikkje det at seksuell trakassering ikkje finst, meiner Estelle Chiu (26). Estelle har studert saman med Jane, og jobbar no i ein bank i Taipei.

– Vi har eit varslingssystem på jobb som vernar kvinner mot trakassering, men i realiteten fungerer det ikkje. Det er ingen som veit korleis dei skal handtere sakene som blir rapportert inn, fortel Estelle. Ho har sjølv erfart nedsettande haldningar i jobbsamanheng.

Estelle Chiu

Estelle Chiu (Foto: Privat)

– Under ein konsernfest skulle alle dei nytilsette i firmaet ha eit innslag på scena. Då hadde dei mannlege kollegaene våre bestemt av vi kvinner skulle danse «sexy-dans.» Vi nekta sjølvsagt, men det overraskar meg at til og med unge menn tenkjer at sånn oppførsel er greitt. Eg hadde trudd dei skulle ha eit meir ope sinn, fortel ho.

Amerikansk-inspirert

Jane bestemte seg for å etablere eit nasjonalt nettverk kor kvinner kan støtte, motivere og hjelpe kvarandre på arbeidsplassen.

Kvinnenettverket heiter Lean In, og er ei sjølvhjelpsgruppe basert på amerikanske Sheryl Sandbergs konsept om å styrke kvinner i jobb. Målet er å motivere kvinner til å «lene seg inn» på arbeidsplassen, ta ordet i møter og tørre å ta ein risiko.

Måten det skal gjerast på er å etablere små grupper der likesinna kvinner i all fortrulegheit kan ta opp utfordringar relatert til karriere eller familieliv.

– Først bestod Lean In-nettverket i Taiwan berre av små, sjølvstendige grupper, fortel Jane.

– Så eg og ei veninne tok kontakt med alle gruppeleiarane og inviterte dei til eit felles møte. Vi blei einige om slå alle gruppene saman til eit stort, felles nettverk.

I tillegg til dei såkalla sirkel-møta, arrangerer Jane og fire veninner opne arrangement.

– Då inviterer vi gjester til å kome å prate om alt frå lønsforhandlingar til korleis ein skal finne den rette kjærasten, seier Jane.

Likestilling i Taiwan

Ifølgje Generaldirektoratet for budsjett, rekneskap og statistikk er Taiwan rangert på 38. plass i verda når det kjem til likestilling mellom kjønn. Kvinner er representerte i politikken, og har lik tilgang til helsetenester. Men trass i at det er fleire kvinner enn noko gong i arbeid, er det framleis berre 51 prosent av taiwanske kvinner som jobbar.

Inngrodde tradisjonelle kjønnsroller skaper forventningar til kvinner om å vere heime, meiner Jane.

– Menn har sidan dei var barn blitt oppmuntra til å gjere det bra på jobb. Det har ikkje kvinner.

– I staden blir mange kvinner fortalt at dei ikkje er bra nok eller at dei gjer for mykje feil. Til slutt gløymer dei den lidenskapen som fekk dei inn på jobbmarknaden til å begynne med.

Den støtta og motivasjonen Jane meiner menn alltid har fått, er nettopp den ho vil tilby til kvinner gjennom Lean In. Og ved å støtte kvinner i arbeid, håpar ho å forbetre likestillinga på øya.

– Då eg var student, syntest eg at det å skulle forme samfunnet høyrtest veldig ambisiøst ut. Men no har eg innsett at kvar minste ting eg gjer, har evne til å påverke framtida, seier Jane.

Treig utvikling

I tillegg til Lean In, jobbar Estelle med å etablere eit kvinnenettverk i banken ho jobbar i. I første omgang skal det gje kvinnelege kollegaer høve til å bli kjende med kvarandre og dele erfaringar og utfordringar dei har.

– Men i framtida vil eg samarbeide med Lean In og FNs «He for She»-kampanje for å gjere nettverket endå større, fortel Estelle. Ho har trua på at Taiwan vil bli meir likestilt i framtida, men synest at utviklinga går altfor treigt framover.

– Problemet med kvinnekampen er at folk flest trur vi allereie har oppnådd likestilling. Difor ser dei ikkje verdien i å kjempe for det.

Denne saka er ein del av prosjektet «Jordbær-republikken Taiwan», gjort i samarbeid med Universitas med støtte frå Fritt Ord. Les fleire saker frå prosjektet her